Thorium-kraft kan vere klar i 2018

Kan gjere atomkrafta billegare og avfallet mindre farleg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsøka selskapet Thor Energy gjer med thorium-brenselstavar i testreaktoren til Institutt for energiteknikk i Halden, går heilt etter planen. Held det fram slik, kan dei første kjernekraftverka lastast med thorium alt i 2018, trur selskapet.

Thor Energy har prøvd ut thorium som brennstoff for kjernekraft sidan 2013, og så langt går alt heilt etter planen. Dataa dei har samla, kan vere klare for godkjenning alt til neste år, skriv Teknisk Ukeblad.

– Så langt er vi dei einaste som kvalifiserer thorium som brensel, og det gir oss eit stort forsprang på eventuelle konkurrentar. Vi trur mange kjem til å bruke thorium når vi er klare, og det skal ikkje så mange kraftverka til før dette er økonomisk svært interessant, seier dagleg leiar Øystein Asphjell i Thor Energy til bladet.

LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris

Går det som selskapet vil, kan dei 440 kjernekraftverka rundt om i verda om ikkje så lenge heilt eller delvis erstatte uran-brennstoffet med thorium. Det radioaktive grunnstoffet, som det finst så rikeleg av i Fensfeltet i Telemark, kan gjere atomkrafta billegare og avfallet mindre farleg, kanskje til og med fjerne det problematiske overskotet av plutonium.

– I dag er heile kjernekraftindustrien basert på uran, men samtidig er mange land urolege for at dei må importere brenselstavane. Dei vil svært gjerne ha alternativ, og det gjer thorium ekstra interessant, seier Asphjell. (©NPK)

Kva synest du om planane? Bør Noreg satsa meir på utvikling av kjernekraft?

Faktaboks

Fleire land forskar på bruk av thorium i kjernekraft.

Mineralet thoritt vart oppdaga i 1828 av den norske presten Morten Thrane Esmark. På dette grunnlaget påviste Jöns Berzelius grunnstoffet thorium i 1829. Det nyoppdaga stoffet vart oppkalla etter den norrøne guden Tor.

Noreg har dei tredje eller fjerde største førekomstane av thorium. Og det er rekna at det finst tre gonger så mykje thorium som uran i verda.