– Han var ein rebell, seier Aurora Aksnes.

Svein Olav B. Langåker og NPK-NTB
Svein Olav B. Langåker og NPK-NTB
Faktaboks

Fakta om David Bowie

Britisk komponist, songar, musikar, produsent, kunstnar og skodespelar.

Fødd i London 8. januar 1947 og døypt David Robert Jones. 

Død av kreft 10. januar 2016, 69 år gammal.

Gift med modellen og skodespelaren Angie Bowie frå 1970 til 1980

Gift med modellen Imam frå 1999 fram til han døydde.

Har barna Duncan Jones (født 1971) og Alexandria «Lexi» Zahra Jones (født 2000)

Blei både i 2000 og 2003 innstilt til å bli adla, men takka nei.

Debuterte med albumet «David Bowie» i 1967 og følgde opp med «Space Oddity» i 1969.

Har gitt ut til saman 26 studioalbum, mellom anna «Hunky Dory» (1971), «The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars» (1972), «Young Americans» (1975), Berlin-trilogien «Low», «Heroes» og «Lodger» (1977-79), «Let's Dance» (1984) og «Black Tie White Noise» (1993), i tillegg til fleire liveplater og samlingar.

To av platene er gitt ut då Bowie var ein del av bandet Tin Machine.

Laurdag 8. januar 2016, to dagar før han døydde, gav Bowie ut albumet «Blackstar».

(Kjelder: Wikipedia, Allmusic) (©NTB) (©NPK)

Test deg sjølv! Kva veit du om David Bowie!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg trur påverknaden hans som både musikar og ikon er like stor som Bob Dylan og The Beatles. Han var ein rebell, og popkulturen hadde ikkje vore det same utan han, seier Aurora Aksnes til p3.no.

Ho er ein av mange som hyllar den britiske artisten etter det måndag blei kjent at han døde søndag 10. januar.

"Blackstar" will have a new mening after today."Something happened the day he diedSpirit rose a metre and stepped…

Posted by AURORA on 11. januar 2016

QUIZ: Kva veit du om David Bowie?

Kom med plate to dagar før han døydde
«David Bowie døydde fredfullt i dag med sin nærmaste familie rundt seg etter ein tapper kamp mot kreft i 18 månader. Mange av dykk kjem til å dele dette tapet og vi ber at dykk respekterer ønsket familien har om ro i sørgjetida deira», blir det opplyst om det på Bowies Facebook-side.

Bowie døydde søndag, få dagar etter at han sleppte sitt 29. og siste album «Blackstar». Albumet, som har sju låtar, blei godt mottatt av kritikarane då den blei sleppt 8. januar.

«Veldig lei meg og trist å fortelje at det er sant. Eg kjem til å vere offline ei stund. Glad i dykk alle», skriv son til musikklegenda Duncan Jones på Twitter.

I fleire år har det vore eit rykte om helsa til Bowie, mellom anna fordi han har vore lite i rampelyset dei siste åra, ifølge BBC.

Den siste liveframsyninga han hadde var på ein velgjerdskonsert i New York i 2006.

David Bowie blei født 8. januar 1947 i London. Han fekk sitt gjennombrot i 1972 med albumet «The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars». Bowie er også kjent for låtane «Space Oddity» frå 1969 og «Let's Dance» frå 1983. Han har også vore med i fleire filmar.

LES OGSÅ: Bowie tilbake i norsk t-skjorte

Madonna hyllar David Bowie med fleire postar på Twitter i dag. Ho skriv at ho knust over tapet av David Bowie, og at han endra livet hennar.

Den britiske statsministeren David Cameron hyllar Bowie slik:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE