HEILT UNØDVENDIG

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det mest deprimerande er sjølvsagt at det ikkje har gått framover. Men det er ikkje det einaste som er deprimerande. Det er også deprimerande med alle oss som skriv i avisa, som er kloke og høge og mørke eitt eller fem eller ti år etter, og som satsar på at alle har gløymt at vi ikkje var spesielt kloke eller høge eller mørke for eitt eller fem eller ti år sidan.

Og så dukkar Vebjørn Selbekk opp, alltid. Det er også deprimerande, på ein litt meir pinlig måte. Fordi alle vi som meiner det rette og er tøffe og morsame og kritiske og satiriske, vi må finne oss i å bli forsvarte av ein mann som ikkje er nokon av delane: Ein konservativ kristen trønder som ser ut som han har håret bak-fram. Sånt tøysete strekskjegg har han også. Det er liksom ikkje måte på kva vi må finne oss i, vi som har rett.

Og så er det naturligvis deprimerande at dette med «ytringsansvar» alltid kjem tilbake ved sånne anledningar. Det er alltid ein eller annan som snusfornuftig skal påpeike at ytringsfridom ikkje betyr at ein har plikt til å publisere alt mulig. Det er alltid nokon som finn det for godt å slå fast at det ikkje er alle ytringar som er nødvendige.

Greitt nok.

Men kvifor i all verden kjem den diskusjonen berre dei gongene ytringsfridom faktisk betyr noko? Dersom ein verkelig vil unødvendige ytringar til livs, så har eg eit par forslag til andre plassar det er meir naturlig å starte:

Kvar gong Petter Northug seier noko litt barnslig tøft, for eksempel, då er det heilt unødvendig å gjengi absolutt alt anna har han sagt dei siste femten åra også som er litt barnslig tøft. Heilt unødvendig.

Og kvar gong nokon foreslår eit eller anna om røyk eller snus, då er det heilt unødvendig av norske journalistar å leite opp det mest innrøykte mennesket det er mulig å finne i Norge, eller ein person med ei snusleppe på storleik med Jotunheimen, for å spørje kva dei synest om å for eksempel forby sal av tobakk til folk som er født etter år 2000. Alle veit kva dei kjem til å svare. Det er verkelig unødvendig å spørje. Heilt unødvendig.

Like unødvendig er det, når ein debatterer bilfrie sentrum eller datokøyring, å springe med kamera og mikrofon bort til ein ekstremt hissig fyr med bilen full av barn og sjuke slektningar i morgonrushet. Heilt unødvendig.

Og kvar einaste gong spellemann-nominasjonane blir presenterte, er det verkelig då nødvendig å påpeike at det er nokon som ikkje er nominerte som burde vore det, og at det er ein kategori som heiter noko anna i år enn i fjor, og ein kategori som ikkje er der meir, eller at det er for få nominasjonar, eller for mange, eller feil, eller at komiteen skular for mykje til populariteten til artistane, eller for lite, eller at bluegrass eller deep house eller midt-norsk tango er oversett i år igjen! Er det nødvendig?!? Seriøst?

Og det som verkelig er heilt unødvendig, det er å konfrontere alle politikarar som seier noko med at dei sa noko litt anna for to eller fire eller åtte år sidan. Det må vere greitt å ikkje formulere seg heilt likt gjennom heile livet. Spesielt viss det er slik, som det av og til er, at både verden og Norge faktisk forandrar seg.

Det er unødvendig.

HEILT UNØDVENDIG!

Men det aller mest unødvendige, det er å nytte anledninga når nokon har ytra noko som faktisk er farlig og får konsekvensar, til å påpeike at du kunne jo berre latt det vere.
Og det var sjølvsagt heilt unødvendig av meg å skrive akkurat det. Eg veit det.

Men eg fekk så lyst.


Først publisert i Aftenposten 9. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!