Thomas (16) drøymer om paralympiks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag samlar delar av stjernegalleriet og breidda i norsk idrett seg i Håkons Hall for den årlege Idrettsgallaen. Blant dei som vil vere til stades er saudabuen Thomas Karbøl Oxaal.

LES OGSÅ: Høyrslehemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar 

Sommarski sidan 2010
16-åringen stiller som representant for sommarskiskulen for syns- og bevegelseshemmingar, saman med Jan Olav Andersen i Hedmark skikrets. Skiskulen er blant dei tre nominerte til inkluderingsprisen.

– Det blir veldig kjekt. Eg blei spurt om å vere med av Skiforbundet som ein av utøvarane som har vore på sommarskiskulen fleire gonger, seier Oxaal.

Han har vore med på sommarskiskulen kvar gong sidan 2010. Den er open for alle med syns- og bevegelseshemmingar. Samlinga er ei av fire-fem Oxaal er med på i løpet av ein sesong.

LES OGSÅ: Eirin (26) mista synet etter ein operasjon 

Eitt «litt for godt» auge
Oxaal har 12 prosent syn på venstre auge og 3 prosent syn på høgre auge. Han har hatt begrensa syn sidan han blei fødd.

I paralympiske idrettar er det auget ein har best syn på som avgjer om ein blir klassifisert og gitt lov til å konkurrere i klassen for svaksynte eller blinde.

Saudabuens syn på det venstre auge er i den samanheng 2 prosent for godt til at han kan gå offisielle renn, som til dømes NM, i klassen for svaksynte. Grensa går på 10 prosent av vanleg syn.

Difor er han heller ikkje aktuell til rekrutt- og landslaget og internasjonale konkurransar i den klassen.

LES OGSÅ: Kinesiske blinde får ikkje utdanning 

Satsar på Ridderrennet
Oxaal blei klassifisert for rundt eitt år sidan, og i april skal han bli klassifisert på nytt. Då håper han å vere på rett side av grensa med tanke på å konkurransane. I dag går han i open klasse, kor dei som ser «litt for godt» og dei med mindre funksjonshemmingar deltar.

– Det var litt skuffande å bli klassifisert akkurat utanfor førre gong. Det er ikkje avgjerande for satsinga om eg blir klassifisert eller ikkje, men det hadde heilt klart vore kjekkast om eg fekk gå i klassen for svaksynte og vere aktuell for forskjellige lag, forklarer Oxaal.

Klassifiseringa skjer i samband med Ridderuka på Beitostølen den første veka i april. Ridderuka er verdas største årlege vintersportveke for utøvarar med syns- og bevegelseshemmingar og kulminerer med Ridderrennet 9. april, kor Oxaal håper å gjere det bra. Men vel så viktig for 16-åringen er det at han blir klassifisert og godkjent for konkurransar for svaksynte.

Les saka på Ryfylke.net!