Facebook-samaritanen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først på trykk i Jbl.no.

Bidraga strøymer på nokre dagar før jul, og Trine Thorsen (28), stiftar og ein av avdelingsleiarane, har nok å gjera. Godt er det, for ikkje alle hjerter gleder seg til den store høgtida.

Den frivillege hjelpeorganisasjonen, som vanlegvis deler ut 10 til 15 hjelpepakkar i veka året rundt, står for rundt 100 pakkar før jul. Med mat, julekos og gåver til trengande personar familiar i jula, frå Haugesund i nord til Egersund i sør.

Hjelper gjennom sosiale medium
For i eitt av verdas rikaste land er framleis mange fattige, deriblant 80.000 barn. Møtet med ein av desse trengjande, ein rusavhengig som trengte eit par sko, førte til ein Facebook-status som var den spede starten på Hjelp oss å hjelpe, tilbake i 2009.

Fire år etter at grunnleggjar Cecilie Tønnesen starta den frivillege hjelpeorganisasjonen, var Trine Thorsen med på å stifta avdelinga i Rogaland.

I dag er dei eit titals frivillege, og Facebook er framleis navet i organisasjonen, òg lokalt. Her publiserer dei kva saker og ting som trengst, og følgjarar bidrar med dette, eller kjem med pengegåver slik at organisasjonen kan kjøpa det til dei trengande.

– Utan Facebook ville det ikkje fungert. Ikkje på denne måten i alle fall. Då måtte me endra konsept, seier 28-åringen.

LES OGSÅ: «La oss ikkje oppdra trongsynte menneskjer»

Koma over kneiken
Langt dei fleste som får hjelp, treng det der og då, for å koma over ein kneik, gjerne i samband med at ein mistar jobben, at ekteskap eller sambuarskap tar slutt eller liknande. Ein treng ei hjelpande hand der og då. Og Trine Thorsen veit kva ho snakkar om.

– Eg opplevde eit samlivsbrot for seks år sidan, og trengte hjelp til å klara meg økonomisk. Då eg seinare oppdaga at dei ikkje hadde avdeling i Rogaland, ville eg gjerne vera med på å starta opp her. Eg fall for denne organisasjonen fordi dei hjelper alle, uansett bakgrunn, livssyn eller kva det måtte vera. Dei dømmer ingen, seier avdelingsleiaren.

Ho har budd på Nærbø dei siste tre åra, men er oppvaksen i Kristiansand, der ho tidleg opplevde hjelpegjerninga på nært hald.

– Mor mi starta opp ein kafé for rusavhengige, og eg var med der frå eg var berre nokre få år gammal. Då forsto eg at alle treng hjelp innimellom. Deriblant eg sjølv. Og det er noko av det som har halde meg gåande. At eg vil gi noko tilbake.

– Kva synest du om å jobba frivilleg på denne måten?

– Heilt fantastisk, men samtidig trist. Fantastisk fordi me kan hjelpa, når situasjonen nå eingong er slik. Trist fordi eg ser kor mange som har det slik i Noreg i dag.

– Ja, korleis er det mogleg at nokre fell utanfor og rett og slett blir fattige i eit så rikt land som Noreg?

– Eg har nok nokre kommentarar om det, men eg veit ikkje heilt om eg skal våga seia det … Det handlar om feilprioritering av pengane i landet. Ein skulle heller hjelpt alle som bur i Noreg, i staden for å sleppa inn så mange flyktningar. For all del, det er bra dei òg får hjelp, men dei i Noreg burde fått hjelp først.

– Kvifor er det så vanskeleg for folk å ta imot hjelp?

– Altså, dei aller fleste vil jo rett og slett klara seg sjølv. Å bita i det sure eplet, å ta den byrda som å be om hjelp er, er vanskeleg. Det er skambelagt; har ein først blitt vaksen og fått barn, ventar alle at ein skal greia seg på eiga hand. Derfor har me òg teieplikt i Hjelp oss å hjelpe, slik at dei me er i kontakt med blir «gløymt» etterpå.

– Kva gjer mest inntrykk på deg når du jobbar i dette feltet?

– Å sjå givargleda. Dela ut varene folk har gitt, og sjå gleda det skaper. Og når folk spør om hjelp. Kor triste dei er. Kanskje har dei berre eitt brød igjen, som skal vara i to veker. Det gjer inntrykk når ein veit ein sjølv kan kjøpa smågodt for fleire hundre kroner.

– Kor mykje betyr arv og miljø i høve til å enda opp som fattig?

– Eg trur det kjem meir an på kva du sjølv gjer og korleis du taklar ting. Er du oppvaksen i trange kår, betyr ikkje det at du treng å hamna i same situasjon sjølv som vaksen. Heller ikkje at du unngår det, om du kjem frå ein velståande heim. Nei, det har meir med vala ein tar og korleis livet utspeler seg. Ein har ikkje kontroll over alt uansett.

– Kva betyr det psykologiske i eit slikt uføre?

– Det er ikkje lett for nokon å hamna i ein slik situasjon. Det slit både fysisk og psykisk. Ein opplever eit tankekøyr. Særleg før jul, om ein ikkje har til verken mat eller gåver. Tankane kvernar: Korleis skal det ordna seg?

– Korleis kan ein klara å snu ei negativ utvikling?

– Vanskeleg å seia … Me som organisasjon kan ikkje gjera anna enn å hjelpa med å gi mat eller klede. Men generelt er det rett og slett viktig å tenkja positivt. Det er som regel lys i enden av tunnelen, sjølv om det kan vera langt borte.

LES OGSÅ: Den økologiske modellen

– Møter du enkelte personar du føler trong til å rista litt i og seia at dei må «få skikk på ting?»

– Me møter svært mange menneske, men truleg høyrer me berre éin prosent av heile historia. Mykje meir ligg bak, difor vil eg ikkje dømma. Eg høyrer det som blir sagt, tenkjer «Sånt kan skje!» Og håpar på det beste for dei.

– Får du meir eller mindre tru på samfunnet og utviklinga?

– Eg har eit håp om at tilhøva skal betra seg for alle i dette landet. Men det kjem nok ikkje til å skje med det aller første. Her blir det å venda tilbake til eit tidlegare svar; at eg synest dei som bur her i landet burde blitt prioritert først. Men me har mange innvandrarar blant dei me hjelper, for all del, og gjer ikkje forskjell. Dei som treng hjelp, skal få det.

– Korleis får de folk til å faktisk gjera noko gjennom Facebook, og ikkje nøya seg med å trykka «Liker»?

– Me masar! Masar og gnålar med skriving av innlegg. Av og til må me seia sorry for masinga, men tilføya at det går til ei god sak. Frå null følgjarar i starten har me i dag nesten 10.000. Og det er faktisk fleire folk som støttar og hjelper enn som berre trykker «liker» og skriv positive meldingar. Elles er forholdet ganske likt mellom pengegåver og donasjonar av varer, og nå før jul er det mange bedrifter som støttar oss økonomisk. Men så kjem januar, februar, mars, med mange faste store rekningar. Som kan vera bøygen for dei med lite.

– Ja, og då har jo me som har meir enn nok gjort oss ferdige med å gi for å døyva det dårlege samvitet vårt …

– Stemmer det! Ofte forsvinn givargleda saman med julegleda, dessverre.

– Så oppmodinga er at folk må syta for at så ikkje skjer i 2016?

– Ja, og det treng ikkje vera mykje. Ein pose mjøl, ein boks tørrgjær, kva som helst. Alt kjem til nytte. Det kan eg lova.

LES OGSÅ: «Julefeiringa er ein stor triumf for meg»