Desse studentane utforskar miljøvenleg drivstoff

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utforskar miljøvenleg drivstoff

Det første som møter ein i den svære hallen i nærleiken av flyplassen Le Bourget utanfor Paris, er ein organisasjon som tidlegare visepresident i USA og miljøaktivist Al Gore, starta. Han vil utvikle framtidas klimaleiarar.

LES OGSÅ: «Utsleppa må ned og oljen må ligge»

Ikkje langt herifrå sit delegasjonar frå 190 land og forhandlar for harde livet. Det er tidleg desember, og COP21 nærmar seg innspurten i forhandlingane.

I dette området, som vert kalla «Area of Generations», er organisasjonar, lobbyistar, studentar, forskarar, aktivistar og politikarar samla. Gjennom utstillingar, føredrag og debattar vert løysingar på klimakrisa presentert, diskutert og lobba for.

Hydrogen som framtidas drivstoff
Bak Al Gores klimaleiarar er stands om alt frå miljøvenlege kjøkken til eit debattområde der temaet er kvinnerettar og klimaendringar.

Og her sit masterstudentane i kjemi Sonia Tedjini (24), Djamel Eddine Mansour (23) og Zahra Nasim (24) og ser litt spente ut. Dei studerer framtidas klimaløysingar og skal snart halde ein presentasjon om hydrogen.

– Hydrogen er eit veldig lite molekyl, som tek opp liten plass. Det har stort potensial som drivstoff, men då må vi produsere det på ein miljøvenleg måte, forklarar Sonita.

Ikkje all hydrogen er grøn
Det er dette dei tre masterstudentane i kjemi studerer. Dei fortel at det finst ulike måtar å produsere hydrogen på. Den mest miljøvenlege av desse er vassplitting, der ein ved elektrolyse splittar hydrogen- og oksygenatoma i vassmolekyla. For å gjere dette må ein ha straum, og ved å bruke elektrisitet frå biomasse vert prosessen miljøvenleg.

Problemet er at denne metoden så langt er dyr og ressurskrevjande, men med liten avkasting.

– Det er det som er vår utfordring, smiler Sonita.

LES OGSÅ: Her lagar folk sitt eige klimatoppmøte

– Klarar vi å auke avkastninga ved denne metoden, så vil hydrogen vere eit miljøvenleg drivstoff for framtida, ifølgje kjemistudenten.

Saka held fram under biletet.

Kjemistudentane Sonia Tedjini og Djamel Eddine Mansour fordjupar seg i hydrogen som drivstoff. Under COP21 i Paris presenterte dei løysingane sine. Foto: Andrea R. Nøttveit.

Olje ut av biletet?
I klimasamanheng er det viktigaste bruksområdet for hydrogen som drivstoff. Ettersom transportsektoren står for ein stor del av dei samla klimagassutsleppa, vil det vere viktig å redusere utsleppa frå sektoren for å nå måla i klimaavtalen frå Paris.

Kjemistudentane frå universitetet Paris Diderot er delte i synet på kva rolle alternativ som hydrogen vil kunne spele.

– Eg trur vi må akseptere global oppvarming, fordi utan fossil energi vert det veldig vanskeleg.

Zahra smiler nesten litt unnskyldande. Ho skulle ønskje vi klarte oss utan fossilt drivstoff, men trur at vi vil trenge det i mange år framover.

– Vi er vande med fossilt drivstoff og vi treng det i omstillingane til eit grønare samfunn, seier ho.

Sonita og Djamal er ikkje heilt einige.

– Eg trur vi kan endre verda, men då må vi endre oss sjølv. Eg stolar på forskarane, ikkje politikarane, seier ho.

– Eg er optimistisk. Det er mange som jobbar med å finne nye løysingar, og når noko først akselererer, då kan vi redusere utslepp, seier Djamel.

LES OGSÅ: Alfred skapar den framtida han vil ha