Boka 1984: – Skremmande aktuell
Erling Laugsand med boktips for romjula. Leiaren i Senterungdommen snakkar om året som har gått og håp for framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kva har gledd deg mest i 2015?
– Det var utruleg morosamt at så mange stemte på Senterpartiet ved lokalvalet og gav Sp det beste valresultatet på 20 år. Det var noko me jobba hardt og lenge for og då var det veldig morosamt å bli lønna for det. Samtidig var det mange senterungdommar som blei valt inn i kommunestyre og fylkesting og skal vera med å bestemma politikken dei neste 4 åra, det synest eg er veldig artig.
Kva har skuffa deg mest i 2015?
– Eg er kanskje ikkje overraska, men likevel skuffa over at regjeringa køyrer på med sin knallharde sentraliseringspolitikk. Me i Sp meiner det er viktig med gode tenester nær folk, men nå blir det lenger til for eksempel sjukehus og politi for mange. Det synest eg er synd.
Kva er det største ønsket ditt for 2016?
– Eg håper Stortinget kjem opp med ein skikkeleg bra plan for korleis Noreg skal følgja opp klimamåla etter klimaavtalen i Paris.
Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?
– Eg vil anbefala folk å lesa ein av mine favorittar, 1984 av George Orwell. Velskriven roman, som er skremmande aktuell med tanke på overvaking og personvern.