– Dugnaden for flyktningane er rett og slett vakker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har fått fram det beste og verste i oss

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Det som har gledd meg mest i 2015 er den store medmenneskelegheita veldig mange nordmenn har vist i møte med flyktningkrisa. Dugnadsanden er noko av det finaste med Noreg, og det at tusenvis har stilt opp for å få menneske som har kome hit frå den ytste naud til å føla seg velkomen er rett og slett vakkert.

– Eg kan òg leggja til at det er veldig gledeleg at verda endeleg har kome fram til ein klimaavtale, som er mykje betre og meir forpliktande enn Kyoto-avtala. Det gir håp om at me kan klara å kjempa mot klimakrisa og halda oss innanfor togradersmålet, men det er no den verkelege jobben byrjar, og eg er spent på å sjå korleis Paris-avtala blir følgt opp.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Det som har skuffa meg mest er alle dei hatefulle ytringane som har spreidd seg som eld i tørt gras i kjølvatnet av flyktningkrisa og dei grusame terrorangrepa me har vore vitne til. Verda står overfor ein svært krevjande situasjon, og sjølv om dette har fått fram det beste i mange, har det òg fått fram det verste hos andre. Me i AUF kjem aldri til å gi opp kampen mot ekstreme haldningar og krefter, uavhengig av kor dei spring ut frå. Hat og rasisme må aldri få stå uimotsagt.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Det største ønsket mitt for 2016 er at verda vert eit litt betre stad å leva. Det høyrest kanskje banalt ut, men det er trua på dette som er den viktigaste drivkrafta for engasjementet mitt. Me må ta grep for å sørgja for at me held oss innanfor togradersmålet, og me må samla verdssamfunnet i ein brei koalisjon med sikte på å kjempa mot ISIL og koma nærare ei fredeleg løysing for Syria.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg rår til alle å lesa boka «F-ordet. 155 grunnar til å vera feminist» av Jenny Jordahl, Madeleine Schultz og Marta Breen. Sjølv om Noreg gjerne blir sett på som eit av dei mest likestilte landa i verda har me enno mykje å gå på. Her får me presentert aktuelle debattar og personlege historier frå eit feministisk perspektiv, og dette er ei veldig god innføring i feminisme. Etter mi meining burde denne boka vera ein del av pensum i den norske skulen.

Les intervjuet vårt med Marta Breen!