Norske forskarar: Fleire isbjørnar på Svalbard

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire isbjørnar på Svalbard

Forskarar frå Norsk Polarinstitutt gjennomførte tidlegare i haust ei berekning av isbjørn på Svalbard og i norske delar av Barentshavet. Det var den første teljinga av isbjørn sidan 2004.

– Vi fann at bestanden har auka. Den norske bestanden er no berekna til rundt 975 bjørnar, mot 685 for elleve år sidan, fortel isbjørnforskar og leiar for prosjektet, Jon Aars ved Norsk Polarinstitutt.

Han understrekar at det er uvisse i begge tala, men meiner det er grunnlag for å seie at det er ein auke i bestanden. Han legg til at tilstanden til bjørnane er god.

– Dei er i god form, seier Aars, som forklarer at årsaka er veldig bra isforhold det siste året.

– Isen kom tidleg hausten 2014 og låg lenge. Det har stor betydning for isbjørnane, fortel han.

Dårlege isforhold
Isforholda i Barentshavområdet har vore dårlege i dei fleste åra sidan 2000, og forskarane har derfor vore bekymra for isbjørnbestanden.

– Det er positivt at isbjørnane ser ut til å ha klart seg bra, under forhold som over år har vore dårlegare. Det er ei god nyheit. Men det betyr ikkje at faren er over. Dersom vi får fleire år på rad med dårlege isforhold, kan det fort bli kritisk for bestanden, seier Aars.

LES OGSÅ: Blant dei siste i sitt slag

Forskarane blei likevel ikkje overraska over at isbjørnbestanden hadde stige.

– Isbjørnane blei freda på Svalbard i 1973 etter over hundre år med hard jakt. Ein trur at bestanden stod i fare for å bli sterkt redusert dersom jakta ikkje hadde blitt stoppa. Bestanden auka truleg forholdsvis raskt etter fredinga, men det har vore usikkert om denne auken hadde stagnert igjen som følgje av mange år med dårlege isforhold.

På grunn av dårleg med sjøis har blant anna gravide binner ikkje kome seg til tradisjonelle gode hiområde, fortel Aars.

Tærer på reservar
Teljinga viser derimot at isbjørnane har klart seg bra.

– Isbjørn kan klare seg veldig bra i dårlege år. Dei et seg opp i gode år, og tærer på reservane i dårlege. Isbjørn kan klare seg over eit halvt år utan å ete, samtidig som dei får fram ungar, seier isbjørnforskaren.

– Vi ser også at dei ikkje er avhengige av at sjøisen ligg heile året. Dei klarer seg også på land. Men det kan bli kritisk viss det blir mange år på rad med dårlege forhold, understrekar Aars.

– Spenninga framover er når bestanden vil begynne å minke, seier Aars.

Heile Barentshavbestanden (Noreg og Nordvest-Russland) blei i 2004 berekna til rundt 2.650 isbjørn. Bestanden er delt mellom Noreg og Russland, og ved sist teljing deltok også Russland. I år sa russiske styresmakter nei til eit samarbeid.

Dei gav ikkje dei nødvendige løyva til ein ekspedisjon med forskarar frå begge nasjonar som søkte om å kartleggje isbjørnførekomsten på russisk side.

– Dermed har vi ikkje det heilt og fulle biletet, og vi må ta atterhald om talet. Men uansett meiner vi at årets studie viser at isbjørnane under dagens forhold klarer seg bra, avsluttar Aars.

LES OGSÅ: Vil få born til å bry seg om klima