Har du sett eit betre peparkakehus?

Ein kokk frå Førre tek peparkakebakinga litt lenger enn dei fleste. 

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stavkyrkja som blei peparkake

– Det er ein tradisjon eg har. Eg jobbar offshore, og plar lage stavkyrkjer av peparkake kvart år. I år var eg heime då eg laga den, og dei heime fekk gleda, fortel kokken Ståle Iversen.

LES OGSÅ: Julehysteriet

Han fortel at brukte 8-9 timar, til og frå, for å få til denne peparkakeversjonen av Gol stavkyrkje:

Imponerande? Det er ikkje første gong Iversen bakar ei stavkyrkje.

– Eg plar lage den typen brune stavkyrkjer, dei som mest tradisjonelle ut. Eg har laga mange av dei, til dømes Heddal stavkyrkje, som jo er den gjevaste.

Det vanskelegaste er å måla til å stemme på dei ulike delane, fortel Iversen. Han må skjere opp stykka før han steiker dei, men i omnen kan peparkakene lett skli ut.

Trass den upåklagelege innsatsen, går også peparkakestavkyrkja ei dyster framtid i møte:

– Den kjem nok til å bli knust, ja. Det er heilt greitt for meg, for då kan eg lage ny til neste år.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære julekakene