Her er dei mest populære julekakene

Nesten alle nordmenn har kaker i hus i jula. Favorittkaka er ein av dei tradisjonelle sju slaga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 19:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei gransking som melk.no har fått gjennomført av Norstat, viser det seg at krumkaker er best likt av alle. Populariteten til desse kakene aukar med alderen, og særleg er det dei eldste kvinnene som likar krumkaker best.

Tett bak krumkake følgjer peparkake. Peparkaker er ein klar vinnar blant dei yngste.

Kva julekaker vi likar best er litt avhengig av kvar i landet vi bur. Både peparkaker og kransekaker er typiske austlandskaker. I Nord-Noreg og Midt-Noreg er krumkaker, smultringar og lefser mest populære.

Dette er topp 5-lista av julekaker:

1. Krumkake 11 prosent

2. Peparkake 10 prosent

3. Kransekake 9 prosent

4. Smultringar 6 prosent

5. Delfiakake 5 prosent. (©NPK)

Gå til julematsidene våre her!