Søker englar til å redda velferden
Dei meiner arbeidsledige sit med ein sentral del av løysinga på kva Noreg skal leva av i framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ambisjonane er høge i innovasjonsselskapet Moonwalk Tomorrow, som kallar seg verdas første folkefinansierte og samskapande innovasjonsprogram. Selskapet skal skapa industrieventyr og stå bak milliardbedrifter innan få år, ifølgje E24.no.
Fram mot julaftan søker det delvis NTNU-eigde selskapet såkalla engleinvestorar til dei sju første oppstartsbedriftene sine. Kring 60 personar er involverte i innovasjonsprogrammet så langt. 17.200 arbeidstimar er lagt ned. Deltakarane er mellom 15 og 82 år.
Kristian Vorkinn leverte masteren sin i maskiningeniørfag ved NTNU i fjor, og er blant dei som bruker tida si på Moonwalk.
– Eg er veldig interessert i innovasjon og har veldig tru på denne metoden. Moonwalk vil løysa store problem og gjer noko som betyr noko, seier han til Framtida.no.
Han har særleg jobba med eit prosjekt knytt til meir effektiv transport av vatn i den tredje verda.
Mellom dei andre prosjekta Moonwalk jobbar med er nye og effektive måtar for berekraftig havbruk.
LES OGSÅ: Satse, eller ikkje satse?
Vil løysa problem
Kenneth Winther er leiar for Moonwalk og seier selskapet skal demokratisera metodar for å driva innovasjon dei neste tre åra. Han satsar på at både personar, bedrifter og organisasjonar bruker metodane deira til å løysa store problem gjennom samarbeid.
– Me har ikkje dårlegare utgangspunkt enn store bedrifter. Dei er låst til eit formål som sikrar gårsdagens verdiar. Me må laga framtida i bildet vårt, utan å dra med oss store organisasjonar. Og med så mange menneske med oss, stiller me sterkare enn enkeltbedrifter.
– Kor viktig er det å ha med NTNU på laget?
– Truverdet var viktig til å begynna med. No er det endå viktigare at NTNU kan levera teknologiske løysingar marknadsbehova me viser. Og å sikra intellektuelle rettar. Så er tilgangen på hundrevis av studenter ei enorm kraft. Me gler oss til å ta med studentar frå mellom anna strategisk produktdesign allereie neste semester, seier Winther til Framtida.no.
LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre grunderar
Arbeidsledige er løysinga
Kenneth Winther i Moonwalk meiner dei arbeidsledige er ein sentral del av løysinga på korleis Noreg kan skapa velferd og arbeidsplassar i åra framover.
– Dei som no er ledige er ikkje del av Norges problem, dei er ein sentral del av løysingane på korleis Noreg skal skapa sysselsetting og velferd i tida framover. Det er dei som har motivasjonen til å skapa nye bedrifter og jobbar. Det er dei som har høve til no å dedikera sine smarte hovud, arbeidsame hender og lidenskapelege hjarte til å bygga det Nye Norge.
LES OGSÅ: Éin av fire drøymer om eigen bedrift