Skal forske på effekten av lærartettleik
Eit stort forskingsprosjekt blir no sett i gang for å finne ut kor stor effekt det har å sette inn ekstra lærarar i grunnskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skal sjå om fleire lærarar hjelper
Stortinget har vedteke å bruke 500 millionar kroner over fire år på prosjektet. Av desse pengane vil opp mot 400 millionar gå til ekstra lærarstillingar i 1.– 4. trinn i rundt 300 norske skular. Samtidig skal 50 millionar kroner gå til forsking på effekten av forsøket, melder Forskingsrådet.
I alt er 40 kommunar involvert i prosjektet, og forskingsinstituttet Nifu skal i samarbeid med Universitetet i Stavanger stå for forskinga, ifølgje Klassekampen.
Det blir opp til forskarane å bestemme korleis dei nye lærarstillingane skal fordelast, i samråd med kommunane og skulane som deltek.
Forskarane skal teste ut fleire måtar å bruke lærarane på, blant anna gjennom tolærarsystem, undervisning i smågrupper og målretta innsats mot elevar med særskilde utfordringar.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier han er spent på resultata.
– Vi veit i dag for lite om korleis lærartettleik påverkar læringa til elevane og læringsmiljøet, seier Isaksen. (©NPK)