Lær å laga lutefisk av ein meisterkokk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland. 

Kok ertene i vatn i 2–3 min, sil av vatnet og køyr dei opp med stavmiksar saman med smøret. Smak til med salt.

Steik baconet brunt, ha i litt smør viss det er lite feitt på baconet.

Kok opp rømmen med sennepen og smak til med salt og pepar.

Trekk potetene på svak varme med litt salt i vatnet, så sprekk dei ikkje så lett. Skal trekkjast 20–30 min.

Fisken saltast minst 30 min før baking. Set inn i omn på 180 grader under folie i ca. 30 min, den skal sleppe beina og flake seg. Viss du har dampomn så trengst ingen folie, då berre dampar du den i 15–20 min.

SJÅ VIDEO: Her er alle julerettane til Geir Skeie

Faktaboks

LUTEFISK
– med ertepure, bacon, sennepssaus og mandelpoteter (til fire personar)

Dette treng du:
3 kg lutefisk
ca. 6 ss salt
1 kg mandelpoteter
500 g baconterningar

ERTEPURE:
500 g grøne erter
100 g smør

SENNEPSSAUS:
3 dl seterrømme
4 ss miks av bod sennep, dijon og grov sennep
salt/pepar