Oljeselskap vaskar omdømmet med kunst

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me kallar det kunstvasking når bedrifter brukar kunst til å reinvaske sitt tilsmussa omdømme. Det er viktig for oss å opptre og ta tilbake desse scenene for publikum og kunsten.

Chris Garrard (28) er ein del av den britiske organisasjonen BP or not BP – som jobbar mot oljesponsing av britiske museum og kulturinstitusjonar.

Framtida.no møter den britiske kunstnaren og aktivisten i eit lokale i området Bastille i Paris.

Det er klimaforhandlingar på flyplassen Le Bourget utfor Paris. I samband med det førebur briten førebur ein performance utanfor det verdskjente museumet Louvre saman med aktivistar frå land som Brasil, USA, Canada og norske Ragnhild Freng Dale frå Stopp oljesponsing av norsk kulturliv.

Fem år etter ulukka
BP or not BP fokuserer på det britiske selskapet BP, som tidlegare heitte British Petroleum, si sponsing av The British Museum, kunstmuseuma Tate Britain, The National  Portrait Gallery, The Royal Opera og The Royal Shakespeare Company.

Heilt sidan 1990 har The National Portrait Gallery gitt ut The BP Portrait Awards, for årets beste portrett. Fleire av dei andre institusjonane har òg eit langt samarbeid med oljeprodusenten.

Etter Deepwater Horizon-skandalen i 2010 inngjekk det britiske oljeselskapet ein femårsavtale om sponsing av kulturlivet.

Ulukka der 11 personar missa livet og 650.000 tonn råolje rann ut i Mexicogulfen, har vorte kalla den verste miljøkatastrofen i USA si historie. Dette har sjølvsagt gått ut over ryktet til BP, som dreiv oljeriggen.

LES OGSÅ: Nominert til stipend i millionklassen

Strategisk sponsorlansering
Kultursponsoravtalen mellom BP og kulturinstitusjonane, som utgjer nærare 10 millionar pund, går ut i 2017 noko som betyr at tida framover vert særleg viktig for Garrard og dei andre aktivistane i BP or not BP.

Ifølgje Garrard er kunstsponsing ein billeg måte for oljeselskapa å få positiv omtale på. Faktisk utgjer sponsinga frå BP berre 0,5 prosent av offentlege Tate sine inntekter og under 1 prosent av inntektene til The British Museum. Difor meiner Garrard at museuma godt kan klare seg utan desse inntektene, og eventuelt finne meir berekraftige sponsorar.

Garrard reagerer særleg på at BP sponsa utstillinga om urbefolkinga i Australia tidlegare i år og at British Museum lanserte BP-utstillinga første Sunken cities: Egypts lost world den første dagen av klimatoppmøtet COP21.

– Me er allereie i gang med å planleggja aksjonar i samband med utstillinga, avslører 28-åringen.

 

 

Billeg reklame
– Dei veit at sponsing av kulturlivet er billegare enn reklamekampanjar og plakatar, seier Garrard.

Ifølgje ei spørjeundersøking steig omdømmet til BP betrakteleg etter London OL i 2012.

Aktivistane meiner slike sponsoravtalar i tillegg til å reinvaske oljeindustrien kan føra til sjølvsensur i kulturen.

Men i England er det ikkje berre kunstutstillingar som vert sponsa av oljeindustrien. The Science Museum i London har fått særleg kritikk for at Shell stod som sponsor av ei utstilling om klimaendringar. Selskapet skal i samband med utstillinga ha freista og påverka museumet.

Då tobakken sponsa
Garrard og amerikanske Beka Economopoulos, som er engasjert i amerikanske Not an alternative samanliknar begge oljesponsinga med at tobakksprodusentar tidlegare dreiv med kultursponsing.

– Situasjonen er ein annan i USA fordi det ikkje er mange heilt offentlege institusjonar att er dei avhengige av selskap og private midlar. Me ser at det er ein del av oljeindustrien sin «public relations»-strategi å finansiere forsking og vitskapsformidling, forklarar amerikanaren.  

Not an alternative har difor teke initiativ til The Natural History Museum, som er eit museum som vert sett opp inni dei etablerte institusjonane.

Dei har òg teke initiativ til ein underskriftskampanje for å få klimaskeptikar David Koch ut av styret i fleire sentrale institusjonar.

BP: – Stolt
På spørsmål om kvifor dei støttar kultur og kva som skjer med sponsinga framover svarar BP sine pressefolk følgjande:

«BP er stolt over vår samfunnskontakt. Me har støtta britisk kunst og kultur i nesten 40 år. Vår framgangsmåte med langvarig støtte gir partnarane våre fleksibiliteten dei treng for å planleggja framover – noko som sikrar utstillingar, scenekunstnarar og kunstnarar i lang tid framover.»

Du kan du lesa meir om deira kultursatsing på nettsidene til BP.