Små kommunar kan få mindre pengar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) foreslår å kutte i tilskotet til kommunar som vel å vere små. – Regjeringa tvingar fram kommunesamanslåing, meiner Senterpartiet.

– Inntektssystemet lønar kommunar som vel å vere små. Det fører til at kommunar som slår seg saman over tid taper inntekter. Vi vil gjere systemet meir nøytralt og fjerne hindringar for kommunesamanslåing, seier Sanner.

Torsdag sende regjeringa eit forslag til nytt inntektssystem for kommunane ut på høyring. Ifølgje Sanner vil regjeringa framleis gi kompensasjon til tenester som kjem av lange avstandar og spreidd busetjing, for eksempel til grunnskule og heimeteneste. Kommunar som ufrivillig er små vil framleis få basistilskot, som i hovudsak dekkjer administrasjonskostnadar, mens kommunar som frivillig er små vil få eit lågare tilskot.

Sp: – Bryt lovnad om fri vilje
Senterpartiet har tidlegare åtvara mot å kutte småkommunetilskotet og har hevda eit kutt i tilskotet vil vere eit forsøk på å tvinge gjennom ei kommunereform. Sp-representant i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité Heidi Greni meiner kutt i basistilskotet er endå meir alvorleg.

– For ein liten kommune kan eit slikt kutt utgjere 10– 20 prosent av budsjettet. Dette er eit forsøk på å tvinge fram kommunesamanslåing, seier ho.

Sanner har fleire gonger understreka at samanslåing skal skje frivillig.

– Regjeringa bryt eigne løfte. Kutt i pengestøtta fører til at lokalpolitikarar blir tvinga til å vedta samanslåing, seier Greni.

Sanner: – Rettferdig inntektssystem
Kommunal- og moderniseringsministeren sjølv meiner endringane i inntektssystemet til kommunane heller vil legge til rette for sterke og levande lokalsamfunn.

I tillegg til å endre basistilskotet foreslår han også å endre det mykje omdiskuterte småkommunetilskotet.

– Småkommunetilskotet blir vidareført, men blir meir målretta mot kommunar med reelle distriktspolitiske utfordringar. I tillegg ønskjer vi at tilskotet skal vere per innbyggjar, og noko mindre per kommune. Slik blir systemet meir rettferdig, seier Sanner. (©NPK)