Dale: – Viktig å få dei unge inn i landbruket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viktig å få dei unge inn i landbruket

Det sa Jon Georg Dale (Frp) etter å ha overteke nøkkelen til Landbruks- og matdepartementet onsdag.

Dale fekk nøkkelkortet frå Sylvi Listhaug (Frp), som frå no av skal ansvar for innvandring og integrering i regjeringa. Ho var fornøgd med å kunne levere nøkkelen frå ein sunnmøring til ein annan.

– Du kjenner landbruket godt, du har vakse opp på ein gard på Sunnmøre, og då veit vi at dette er i dei aller beste hender, sa Listhaug.

LES OGSÅ:Blir yngste mannlege minister nokon gong

Interesse

Jon Georg Dale kjem frå stillinga som statssekretær i Finansdepartementet. Den nye landbruks- og matministeren seier han blei overraska då han blei spurd om å ta over etter Listhaug og kalla det «ei enorm tillitserklæring».

– Eg har alltid vore veldig opptatt av landbrukspolitikk. Eg er oppvaksen i ei lita bygd på Vestlandet og har vore med i fjøsen sidan før eg kunne gå. Så dette er ei interesse eg alltid har hatt, og det er ein draum å få vere med å påverke feltet i åra som kjem, sa Dale.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

– Dei unge må inn

Han blir med sine 31 år den yngste statsråden i regjeringa. Under nøkkeloverrekkinga sa Dale at han er imponert over jobben Listhaug har gjort.

– Det er viktig – viss vi skal halde oppe landbruket mange år framover i tid – at også min generasjon kjem inn i landbruket. Du har lagt til rette for at også dei nye bøndene skal sjå inntektsgrunnlag nok til å faktisk investere i landbruket slik at dei skapar seg ein arbeidsplass der. Det håpar eg at eg skal vere med å vidareføre, sa han til Listhaug.

LES OGSÅ: Trugar med å pløye opp stortingsplenen

Endringar nødvendig

Den nye statsråden uttalte òg at han håpar å få til ein landbrukspolitikk som «peiker mange år framover i tid».

– Eg trur at viss vi skal klare å ha eit aktivt landbruk i mange år framover, så er vi nøydde til å gjere endringar. Landbruket har alltid vore i omstilling fordi det har vore nødvendig, sa han.

– Der er mange positive element i norsk landbruk som eg vil spele vidare på, og så er det mange utfordringar som eg vil ta tak i, sa Dale.

LES OGSÅ:Rår alle bondespirer til å følgja draumen

– Nyttig bakgrunn

I tillegg til å kome frå gard, er Dale utdanna kjøtskjerar, og har mellom anna arbeidd for næringsmiddelprodusenten Nortura. Han trur bakgrunnen vil kome godt med.

– Eg trur eg kjenner problemstillingane, og trur eg kan snakke med dei som jobbar i dette feltet til dagleg. Eg kjenner folk som jobbar både i landbruket og i næringsmiddelindustrien, og det trur eg er ein nyttig bakgrunn for meg å ha.

Den nye landbruks- og matministeren sa òg at han ønskjer god dialog med alle partar, både innan landbruket, næringsmiddelindustrien og frå forbrukarhald, og ville allereie same dag kalle inn til dei første møta med organisasjonane. Han ser fram til å ta fatt på si nye oppgåve.

– Eg gler meg veldig. Eg erkjenner at det vil vere utfordringar, men eg gler meg til ein gjennomgang med den politiske leiinga og til å bli betre kjent med departementet, seier han til Nynorsk pressekontor.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Faktaboks

Fakta om Jon Georg Dale

* Ny landbruksminister i Solberg-regjeringa
* Fødd 16. juni 1984
* Har arbeidd for næringsmiddelprodusentane Nortura (2003-2007), Johs Jacobsen kjøtt (2007– 2008) og Kraft Laks (2008-2010).
* Vararepresentant på Stortinget for Frp frå Møre og Romsdal 2009– 2013
* Politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Frp 2010– 2013
* Statssekretær i Samferdselsdepartementet 2013– 2014 og i finansdepartementet frå 2014.

(Kjelde: regjeringen.no) (©NPK)