Ikkje for sarte sjeler

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

La det vera sagt med ein gong. Denne boka blir neppe ein del av julehygga. Men det kan hende ho har nokre viktige poeng som vi har godt av å få med oss likevel. Det handlar om den vonde, skumle og framleis mystisk sjukdomen anoreksia. Om korleis eit menneske fjernar seg frå omgjevnadene og får eit frykteleg tilhøve til sin eigen kropp. Ei jente som har vokse opp i relativt uroingslause og idylliske rammer, får i tenåra store vanskar med tilværet.

«No skrapar eg meg sjølv i ganen med lange negler og rissar runar inn i dei tjukkaste delane av kroppen for å få noko til å skrumpe inn og ramle av», fortel ho lesarane.     

Det blir etter kvart etablert ein sterk avstand til alt omkring hovudpersonen i boka. Især dei som forsøksvis skal hjelpe henne. Både foreldre og helsepersonell blir skildra som relativt inkompetente i alle sine forsøk på å nå fram.

«Eg har sett at sjukesystrene ikkje veit kva dei skal gjere med raseriet mitt, det stygge andletet som viser seg viss det er smør på potetene eller banan i staden for eple til mellommåltida. Eg er tynn, og eg er farleg». 

Samstundes er det tydeleg at jenta lengtar etter noko frå menneska rundt seg.

«Eg likar nattevaktene, for dei bestemmer ikkje, dei tek berre vare på. Som besteforeldre.»

Håheim viser seg som ein lovande forfattar med stor språkleg rikdom, og evne til innleving og formidling. Publikummet hennar vil nok bli smalt om alle utgjevingar skal vera like dystre og groteske som denne, men det er ho truleg klar over. Mørke og til dels absurde stemningar pregar heile romanen.    

Boka er ganske grei å koma gjennom. Det er dryge hundre sider, stort sett halve alle saman, kanskje for å gje lesaren den lufta som er naudsynt for å greie å bla vidare. Så ikkje gje opp med ein gong om du er av det slaget som kunne tenkt deg å lære litt meir om kva som skal til for å nå fram til dei som har slike vanskar. Her blir ein beden om å sjå forbi det som ikkje er fint å sjå på. Mest av alt handlar det om å sjå eit menneske, ikkje berre ein diagnose.

Les bokmeldinga i Magasinett!

Faktaboks

Tittel:«Svart belte»
Forfattar: Marianne Clementine Håheim.
Sjanger: Roman
Forlag: Forlaget Oktober (2015)
Lengd: 106 sider