16-åringar får stemma om ny kommune

Klepp, Time og Hå er innstilte på utvida stemmerettsalder når folk til våren skal seia ja eller nei til Jæren kommune.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Veldig bra, slår Juste Fichgendleryte, leiaren i Hå ungdomsråd, fast.

I Hå fekk 16- og 17-åringane stemma ved årets kommune- og fylkestingsval, og ungdomsrådet har jobba i kulissane for at dei også skal få stemmerett ved folkerøystinga om kommunesamanslåing til våren. No innstiller rådmennene i Klepp, Time og Hå på at det skal bli slik.

– Saka om kommunesamanslåing er viktig for ungdommen. Det er me som skal ta over i framtida, så det er berre rettferdig at me får vera med og bestemma, seier Fichgendleryte.

Sjølv har ho runda 18 år, og har stemmerett uansett. Men ho er glad på vegne av dei yngre ungdommane i Klepp, Time og Hå. Alle som fyller 16 år i løpet av 2016 skal ha stemmerett, ifølgje innstillinga. Det betyr at årets 10. klassingar får lov til å stemma medan dei framleis er elevar på ungdomsskulen.

LES OGSÅ:Meiner me er klare for 16-åringar som stemmer

25. april skjer det

25. april 2016 blir datoen. Då skal folk i Klepp, Time og Hå få stemma ja, nei eller blankt til om dei tre kommunane skal slå seg saman til éin. Spørsmålet dei får er: «Skal Time, Klepp og Hå saman etablere ein ny Jæren kommune?»

Grunnlaget for den rådgjevande folkerøystinga skal vera intensjonsavtalen som dei tre kommunane no i haust held på å jobba fram, ifølgje dei likelydande sakspapira som no blir lagt fram for kommunestyra i Klepp (14. desember), Time (som gjorde vedtak tirsdag) og Hå 17. desember.

Det er kommunestyra som bestemmer dei store linjene. Rådmennene innstiller på ei folkerøysting som liknar mest mogeleg på eit vanleg val – at folk møter opp i dei vanlege stemmelokala. Det skal også opnast for førehandsrøysting frå 21. mars til 22. april.

I staden for valkort, ønskjer rådmennene at det skal sendast ut ein brosjyre til alle husstandar med informasjon om stemmerett, tid og stad for røystinga og utfyllande informasjon om temaet.

LES OGSÅ:Konkluderer ikkje før neste år om stemmerett for 16- til 17-åringar

Historisk

I Klepp og Time blir dette aller første gongen 16- og 17-åringane får stemma. Juste Fichgendleryte, leiaren i Hå ungdomsråd, ser på det som ein viktig delsiger for utviding av demokratiet.

– Me kjempar for at 16- og 17-åringar skal få permanent stemmerett. Ungdom brukar alle kommunale tenester, og bør derfor vera med og bestemma. Derfor er me glade for at rådmennene går inn for utvida stemmerett ved folkerøystinga til våren, seier ho.

– Er kommunesamanslåing eit tema som opptar ungdom?

– Ja, det vil eg seia. Det er mange ungdommar som har sterke meiningar om dette, og kommunen betyr mykje for identiteten til folk. Når ungdommen får vera med og stemma, får me også ei større forplikting til å setja oss inn i saka, og ikkje berre synsa. Det er veldig bra, seier Fichgendleryte.

– Er ungdom meir positive eller meir negative enn befolkninga elles til kommunesamanslåing?

– Det vil eg ikkje uttala meg om. Eg skal ikkje meina noko om denne saka på vegne av alle ungdommar. Men det er viktig at me får vera med og bestemma, seier Fichgendleryte, som heller ikkje vil flagga sitt personlege standpunkt.

LES SAKA I JÆRBLADET!