Rijan (23) blei kasta ut av forhandlingane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje ein rettvis prosess. Dei rike landa  vert høyrd, medan det er vanskelegare for dei fattige landa. Forhandlingane er ikkje tilgjengelege for ålmenta, men berre for eliten.

Nepalske Rijan Lal Mulmi står i det som vert kalla grøn sone under COP21 i Paris, der alle har tilgang.

Han ser på ein liten tv-skjerm, som viser fleire av talarane inne frå forhandlingsromma parallelt.

LES OGSÅ:Dette er karbonbudsjettet

Kasta ut av rommet
Måndag 30. november var den største samlinga statsleiarar på eit klimatoppmøte nokosinne. 150 statsleiarar kom med sine talar og nyheiter.

Akkurat no er det tidlegare guvernør i California Arnold Schwarzenegger som står på talarstolen.

Mulmi er engasjert i People´s Climate Mobilization og har vore i Paris den siste veka for å prøva å følgja forhandlingane frå innsida.

Han har hatt akkreditering inn til blå sone, som er området der 195 ministrar no freistar å verte einige om ein klimaavtale.

Studenten frå Katmandu reagerer på at det er vanskeleg å få informasjon.  

23-åringen har fleire gongar vore inni romma som observatør, berre for å verte kasta ut.

LES OGSÅ:Gjer inntrykk korleis Noreg blir framstilt

Rijan Lal Mulmi freista å ta eit bilete av Arnold Schwarzenegger på talarstolen, men var for sein.

Demonstrasjon for openheit
Spin off-samtalane, som er ein del av forhandlingane som skjer i mindre grupper, har vore lukka for ålmenta.

Internasjonale Young Friends of the Earth reagerer òg på den lukka prosessen.

– Prosessen skal liksom vere open med sivilsamfunnet involvert, men sivilsamfunnet er totalt ekskludert. Det betyr at stemma til folk som vert hardast råka av klimaendringane ikkje vert høyrt. Det er bedriftene og folk med mykje pengar har mest påverknad, seier tsjekkiske Radek Kubala, som måndag var med å arrangera ein demonstrasjon for meir openheit.

LES OGSÅ:Martine kjempar for meir openheit i Paris

Dei minste delegasjonane
Forhandlingane den siste veka har føregått i 15-25 rom, forklarar Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl (bildet), som òg har hatt innpass.

– Det er klart at dei fattigaste landa som òg har dei minste delegasjonane har vanskar både med å henge med og å bli høyrt. Men når det er sagt forhandlar mange land i blokker, som gjer at dei får ei sterkare stemme, forklarar Lindahl på e-post.

Ho viser til at over 100 land no har teke til ordet for 1,5 graders målet, noko som er ei sak som er viktigast for dei fattigaste landa som opplever konsekvensane av klimaendringane hardast.

Seinare har òg stormaktene Tyskland og Frankrike støtta målet om maks 1,5 grader oppvarming.

I dag har avtaleutkastet skjerpa togradersmålet til «godt under 2°C» eller «under 1,5°C».
Changemaker: Rettferdig byrdefordeling
Den norske ungdomsorganisasjonen Changemaker håpar på ein forpliktande avtale som fungerer som eit rammeverk for det globale klimaarbeidet, med opptrapping av utsleppskutt og klimafinansiering.

Dei meiner òg at tap og skade som følgje av klimaendringane må bli anerkjent i avtalen og få ein eigen artikkel.

Dei vanskelege temaa om byrdefordeling og klimarettferd er framleis uløyst.

–Det er heilt essensielt at ei rettferdig byrdefordeling vert reflektert i avtalen, og då spesielt innanfor klimafinansiering. Dei rike landa har eit historisk ansvar som må bli teke på alvor, og det må gjennomsyra heile avtalen. Me er den siste generasjonen som kan bremse klimaendringane, så denne avtalen er vanvittig viktig for oss og framtidige generasjonar, meiner Lindahl.

EU vil helst unngå eit punkt om historisk ansvar.

Utviklingslanda blir stadig meir opprørt over forslag frå USA og andre om å endra forpliktinga til å bidra med klimafinansiering frå å gjelda «utvikla land» til å gjelda «utvikla land og andre land som er i stand til å gjere det».

Då den amerikanske presidenten Barack Obama gjekk på talarstolen måndag, lova han 30 millionar dollar til eit fond som skal gå til land som vert råka av klimakatastrofar.

Imot karbonhandel
Ein rettvis og bindande klimaavtale med 1,5 gradersmål er viktig for Rijan Lal Mulmi, som ser konsekvensane i heimlandet.

Nepal opplever i likheit med mange andre land meir flaumar, skred og at isbreane er i ferd med å smelte.

Det asiatiske fjelllandet er blant dei som ikkje har levert inn sine nasjonale mål for utsleppskutt før toppmøtet. Grunnen er ifølgje nyheitsbyrået AP at dei har hatt nok med å kome seg etter jordskjelva tidlegare i år.

Noreg har den siste veka fått mykje kritikk for forslaget om å utelate menneskerettar frå avtalen, dette punktet er særleg viktig for arbeidarar og urfolk.

Me har òg fått kritikk for å ville halde fram med eit kvotesystem slik at regnskogpengane gjev oss moglegheiter til å sleppe ut meir CO2.

– Avtalen må ikkje innehalde netto nullutslepp, som betyr at karbon blir ei vare som ein kan betala for å sleppa ut. Me må ha ein modell med felles, men ulikt ansvar. Alle har eit ansvar, men dei som forureinar har mest. Me må jobba meir mot global vinning, meiner studenten frå Katmandu.

LES OGSÅ:Utsleppa av klimagassar flatar ut