– Ein god klimaavtale er den viktigaste julegåva vi kan gi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa flyttar jo iskanten etter som det passar dei, og no flyttar vi iskanten slik det passar oss.

Steinar Rundhaug glisar inne frå iskantkostymet til Besteforeldrenes klimaaksjon. Stemninga er upåklageleg her i klimaparaden i Paris – klovnar, mytiske figurar, korps og dansarar syng og hoiar sitt krav om at verdssamfunnet skal redusere klimagassutsleppa som leier til farlege klimaendringar.

Vi er i forstaden Montreuil, der sivilsamfunnet arrangerer sitt eige klimatoppmøte i helga parallelt med klimatoppmøtet COP21.

Dei store demonstrasjonstoga før og etter forhandlingane vart avlyst etter terroråtaka i Paris. Men på Folkets klimatoppmøte let dei seg ikkje stoppe.

Heilt i front går ein gjeng pensjonistar frå Noreg. Dei raude hattane er framleis på plass, og besteforeldra er klare til kamp.

LES OGSÅ:Gjer inntrykk korleis Noreg er framstilt

– Vi flyttar på iskanten som vi vil, akkurat som den norske regjeringa, gliser Steinar Rundhaug, bakerst.

Del av noko større
– Det er herleg å vere del av dette. Her møter vi mange som vil det same som oss, seier Steinar Rundhaug.

– No er vi pensjonistar og då gjer vi som vi vil, ler han.

Laurdag møtte han og kona Hanne Elisa Rundhaug representantar frå den norske delegasjonen i forhandlingane. Saman med resten av passasjerane på klimatoget, møtte dei Johanne Sæther Houge, som er norske miljø- og utviklingsorganisasjonar (FoRUM) sin representant i forhandlingane.

LES OGSÅ: Fagungdom meiner Noreg er bakstreversk

Fossil misnøye
Laurdag var forhandlarane einige om tre ulike framlegg til klimaavtale, som er sendt over til miljøministrane. Eitt av desse inneheld Noreg sitt kontroversielle forslag om å utelukka menneskerettar frå formålsparagrafen og heller inkludera det i forordet.

Fredag vart Noreg kåra til dagens fossil. Prisen delte dei med USA og Saudi-Arabia for forslaget om å ta ut tekst om menneskerettar i formålsparagrafen.

At mange er misnøgde med Noreg si rolle under klimaforhandlingane kom tydeleg fram då den norske representanten møtte haugesundsparet og andre frå norsk sivilsamfunn laurdag ettermiddag.

Erna Solberg fekk òg motbør då ho sa at vi i framtida gjerne vil ha prosjekt med avskoging og kvotehandel der vi kan sleppa ut meir CO2 dersom Brasil reduserer si avskoging. Brasils gjekk hardt ut og sa at dei aldri vil ta imot pengar for at Noreg kan sleppe ut meir CO2.

Ta den store klimaquizen!

– Ein stor forbryting mot menneska
Tidlegare på dagen står Hanne Elisa Rundhaug inne i eit telt der det er konsert og mat på folkets klimatoppmøte.

– Det er eit stort brotsverk mot verda, dersom vi ikkje får ein avtale som faktisk gjer noko med farlege klimaendringar, seier ho.

Kring henne er det latter, song og dans. Isbjørnar klemmer besteforeldre, og det kjenst mest som å vere på festival.

– Eg opplever ein viss optimisme. Folk kjem saman her og legg press på forhandlarane. Stemninga er veldig bra, og det er ei god kjensle å vere ein del av det viktige som føregår her i Paris, seier Hanne Elisa Rundhaug.

Det er liten tvil om at besteforeldrene frå Noreg vert lagt merke til i Paris. Dei går i frontlinja for det dei meiner er ein rettferdig klimaavtale. Midt i gleda, samhaldet og gjøgleriet i Montreuil, skin alvoret igjennom:

– Ein skikkeleg klimaavtale er den viktigaste julegåva vi kan gi våre barnebarn, seier dei.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vera klimaoptimist