Brages heiderspris til Einar Økland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allsidige Einar Økland (75) fekk Brages heiderspris tysdag kveld. Lars Saabye Christensen, Morten Strøksnes, Kjell Ola Dahl og Torun Lian greip dei andre Brageprisane.

– Vi debuterer kvar einaste dag her i livet. Eg har ikkje gjort dette før, men det minner meg om noko eg har vore med på. Eg har ein gong blitt døypt Einar og då kunne eg skrike eller teie still, men ikkje unngå det, sa Økland då kulturminister Thorhild Widvey (H) delte ut prisen til han under tilstellinga i Dansens Hus i Oslo.

75-åringen frå Sveio har ein mangslungen produksjon bak seg. Nærare 80 utgjevingar har det vorte sidan debuten i 1963. I grunngjevinga frå juryen heiter det at Økland er blant dei få forfattarar som kunne ha vore nominert i alle klassar.

– Gjennom eit langt forfattarskap har han vist seg som ein av våre beste lyrikarar, dramatikarar, barnebokforfattarar, ungdomsbokforfattarar, novellistar, essayistar, romanforfattarar og sakprosaforfattarar, poengterte juryen.

Rolla til Økland som formidlar av litteratur og konsulent for ei rad norske forfattarar, blir også trekt fram.

LES OGSÅ: Ravatn skal skriva bok om Einar Økland

Magnet
Lars Saabye Christensen kunne tysdag notere seg for sin andre Bragepris i klassen for skjønnlitteratur. I 2001 vann han for «Halvbroren», i år for kritikarroste «Magnet».

– Her er eit oppkomme av idear, dette er skriveglede og alvor. Det som startar som ein oppvekstroman og ei kjærleikshistorie, endrar snart form og blir ein velskriven murstein full av referansar og samfunnskritikk, seier juryen i grunngjevinga.

I klassen for barne- og ungdomsbøker gjekk Torun Lian til topps med «Reserveprinsesse Andersen». Boka, som er illustrert av Øyvind Torseter, er andre bok om Alice Andersen. Den sjenerte skulejenta gruar seg til klassen skal framføre eit skodespel framfor foreldre, besteforeldre og søsken.

– I rolla som prinsesse er Alice ein dårleg vinnar. Men som litterær figur er ho ganske uimotståeleg, meiner juryen, som også finn kvalitetar ved den mørke humoren i boka.

Håkjerring
Ei annan kritikarrost utgjeving som no er premiert med Bragepris, er Morten Strøksnes' «Havboka», med den underfundige undertittelen «kunsten å fange en kjempehai frå en gummibåt på et stort hav».

I klassen for sakprosa eller faglitteratur gjekk Strøksnes til topps med si forteljing om fire forsøk på å fange håkjerring i Vestfjorden.

– Fiskehistoriene rammar inn fire årstider i Nordland og skildrar skarpt alt liv som yrer over og under havoverflata, men også eit dei mange fasane i eit vennskap, poengterer juryen, som meiner Strøksnes «på suverent vis» vev saman fyr- og kysthistorie med idé- og litteraturhistorie så vel som «draumeskildringar og poetiske omtalar av vatn og sjø».

Krim-vinnar
Jo Nesbø var blant dei nominerte i open klasse, men Noregs kanskje best kjende krimforfattar fekk ikkje sin første Bragepris tysdag. I staden gjekk Kjell Ola Dahl til topps med krimromanen «Kureren», ei forteljing som strekkjer seg frå krigsdagane til 1967, med avstikkarar til vår eiga tid.

– Løysinga på mordgåta frå krigen som blir skriven fram, er like elegant og logisk truverdig som boka er velskriven. Krigens moralkodeks står sentralt i ei bok der spenningsoppbygginga er upåklageleg, mens språket til forfattaren held fram å vere nøkternt og sakleg, seier juryen. (©NPK)

«Forfattaren har, gjennom eit langt forfatterskap, vist seg som ein av våre beste lyrikarar, dramatikarar, barnebokforfattarar, ungdomsbokforfattarar, novellista, essayistar, romanforfattarar og sakprosaforfattarar», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

MELD DEG PÅ BOKBREVET VÅRT!

Faktaboks

Einar Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk lyrikk og poesi og vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. Hans siste utgjeving lyrikksamlinga Sykling i søvne, kom våren 2015.

Økland har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen for barne- og ungdomslitteratur, Kultur- og kirkedepartementets billedbokpris, Aschehougprisen, Melsom-prisen, Nynorsk litteraturpris, Blixprisen, Doblougprisen, Samlagsprisen og Gyldendalprisen

Les meir på Allkunne!

Her er dei andre vinnarane av Brageprisen 2015:

Skjønnlitteratur: «Magnet» av Lars Saabye Christensen
Sakprosa: «Havboka» av Morten A. Strøksnes
Barne- og ungdomslitteratur:
«Reserveprinsesse Andersen» av Torun Lian, ill: Øyvind Torseter
Open klasse: Krim:
«Kureren» av Kjell Ola Dahl