Vi oppdagar ny musikk gjennom radioen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Radio betre enn Spotify

To tredelar av dei spurde seier at det var på radio dei sist oppdaga ein song dei verkeleg likte, viser ei undersøking gjennomført av YouGov på vegner av opphavsrettsorganisasjonen TONO.

Personar mellom 17 og 65 år oppdagar ny musikk på radio, viser undersøkinga.

– Det er kanskje overraskande for mange, med tanke på at radioen etter kvart har fått mange konkurrentar, seier kommunikasjonssjef Willy Martinsen i TONO.

For personar mellom 12 og 17 år er det derimot straumetenester eller tips frå venner som er den viktigaste kjelda til ny musikk.

LES OGSÅ:Vis meg musikken din, og eg skal fortelja kven du er

– Radio spelar nok generelt ein viktigare rolle for dei over tretti enn for dei under, fordi radio kanskje er noko ein typisk lyttar til når ein er på jobb eller i bilen til og frå arbeidsplassen, seier Martinsen.

Ei tidlegare undersøking frå selskapet viser at åtte av ti nordiske internettbrukarar i alderen 15 til 65 år, i alt 13,8 millionar menneske, nyttar tenester som YouTube, Spotify, WiMP eller iTunes til å høyre på musikk. (©NPK)

LES OGSÅ:Korleis me vart kvitt piraten i Noreg