Marie Storli frå Grøn Ungdom sykla Oslo–Paris for klimaet.

mm

I dag, måndag, byrjar høgnivådelen av klimatoppmøtet i Paris. Miljø- og klimaministrar og statsleiarar strøymer til byen.

Etter ein månad på sykkelsetet kom Grøn Ungdom-politikaren fram til den franske hovudstaden. Ho håpar på ambisiøse mål frå politikarane.

– Eg har sett lite storby, men mykje landsbyar og alle desse plassane i mellom der ingen vil bu. Eg har fått betrakta det som føregår behind the scenes, seier Marie Storli.

For nøyaktig ein månad sidan – torsdag 5. november – sette representanten frå Grøn Ungdom  seg på sykkelsetet i Oslo med eit ambisiøst mål: Å sykle heilt til Paris.

LES OGSÅ:Marie syklar 2000 km for klimaet

Klimarittet
Den norske 23-åringen er ein del av sykkelrittet Tour de COP.

Med seg i bagasjen hadde ho to viktige bodskap til klimatoppmøtet.

Grøn Ungdom vil at all olje og gass i Arktis vert liggjande under bakken. Og dei vil at Noreg må forplikte seg til å gje éin klimaprosent av BNI til FNs grøne klimafond i året. Det tilsvarar kring 30 milliardar kroner.

Ho kom fram til den franske hovudstaden saman med ei gruppe på 20 personar denne helga. Den norske 23-åringen sykla kring 2000 kilometer for klimasaka.

Ho har lagt bak seg flate Danmark, sett kolgruver i Tyskland og opplevd motvind i Belgia.

Storli har fått følgje på dei fleste av dei i snitt 80 kilometer lange dagsetappane. Det har vore trøbbel med vegen og ein stolen sykkel, men når ho ser attende tykkjer ho turen har gått overraskande knirkefritt.

LES OGSÅ:Her lagar folk sitt eige toppmøte i Paris

Reise annleis
– For meg handla det om å setta eit ambisiøst mål for å så fullføra det litt etter litt, på same måte som me treng i Paris, seier Storli.

Kva forventningar ho har synest ho er vanskeleg å svare på, sidan ho er litt i tvil på ordet. Ho forventar ikkje ein avtale som innfrir hennar forhåpningar.

Ho håpar på ein avtale med eit juridisk bindande rammeverk som med stor sikkerheit avgrensar temperaturen til godt under 2 grader.

– Det er viktig samarbeide. Me er nøydd å leve annleis, forbruke annleis og reise annleis. Det opnar opp for ein heil flora av nye moglegheiter, meiner Storli, som tek toget attende etter forhandlingane er ferdige.

Les siste nytt om klimatoppmøtet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE