Utsleppa av klimagassar flatar ut

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utslepp av CO2 går ned i 2015

Medan utsleppa i dei siste åra har auka med 2,4 prosent kvart år, ser me no ei utflating, med berre 0,6 prosent vekst i utslepp av drivhusgassar i 2014. I 2015 er det forventa ein nedgang i utsleppa på 0,6 prosent.

Det kjem fram i det globale karbonbudsjett som blei offentleggjort måndag under klimatoppmøtet i Paris.

Det er det internasjonale forskarnettverket The Global Carbon Project som kvart år leverer analyse av utsleppa i verda det siste året.

LES OGSÅ:Fagungdom meiner Noreg er bakstreversk

– Halvparten av nedgangen i utsleppsveksten er ein konsekvens av at Kina har sleppt ut mindre karbon. Det viser at det er dei store utsleppsaktørane som er nøkkelen til å kutta utsleppa, seier Are Olsen, førsteamanuensis på UiB og Bjerknessenteret i ei pressemelding.

Samstundes er det andre store land som India – som kan setja i gang ein sterk vekst om dei baserer framtidig vekst i energibruk på fossilt drivstoff. Dersom dette skjer blir det vanskeleg å få nedgang i utsleppa.

Forskarane reknar likevel ikkje at utsleppstoppen er nådd, men trur dette vil avhenga av den økonomiske veksten i Kina.

LES OGSÅ:Ti grunnar til å vera klimaoptimist

Hovudpunkt frå årets karbonbudsjett:

• Nedgang i bruk av kol i Kina bidreg mest til nedgang i utslepp, i tillegg til raskare vekst i bruk av fornybare energikjelder.

• EU er den regionen med sterkast nedgang i utslepp, med ein nedgang i gjennomsnitt på 2,4 prosent per år det siste tiåret.

• Utsleppa i USA har gått ned med 1,4 prosent per år i det siste tiåret.

• Utslepp frå avskoging, skogbrannar og andre endringar av vegetasjon har stor usikkerheit.

Kjelde: Globalcarbonproject.org

Faktaboks

Karbonbudsjettet er eit mål på kor mykje karbondioksid vi kan sleppe ut fram til år 2100, og framleis ha ein sjanse til å avgrense global oppvarming til to grader.
Taket er sett på 1000 milliardar tonn CO2. Vi er allereie over halvvegs, ifølge FNs klimapanel, som har laga budsjettet.
Les meir om karbonbudsjettet her

I desember møtest alle FN-landa til klimaforhandlingane COP21 i Paris. Der skal dei forhandle fram ein bindande klimaavtale, som regulerer kor mykje klimagassar kvart land kan sleppe ut.
183 land har meldt inn sine mål. Til saman vil dei innmelde måla gi ein temperaturauke på 2,7 grader.