Store forskjellar i sjukehus-Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk hjerneslagregister og Norsk hjarteinfarktregister er blant 52 medisinske kvalitetsregister som skal måle behandlinga ulike pasientgrupper får her i landet. Resultata frå alle registera vart publisert måndag.

– Vi ønskjer at fagfolk sjølv går inn i slike data og undrar seg over kvifor det er forskjellar frå det eine sjukehuset til det andre, seier Anne Grethe Erlandsen (H), statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, til NTB.

– Vi er sikre på at dette er den beste måten å forbetre kvaliteten på, legg ho til.

LES OGSÅ:Fleire tusen i kø for sjukehuset sitt

– Generelt bra

Helsetenestene i Noreg er generelt av god kvalitet, skal vi tru Eva Stensland, som leier Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister.

– Likevel ser vi at for ulike fagfelt kjem ulike sjukehus betre og dårlegare ut. Det vil variere frå register til register, seier Stensland.

Ho viser blant anna til hjerneslag, hjarteinfarkt og nyføddmedisin som felt der det er forskjellar.

Ifølgje Norsk hjerneslagregister scorar sjukehusa i Molde og Haugesund godt, mens Gjøvik, Odda og Elverum ligg nedst på ein oversikt over oppnådde mål. Om pasienten blir behandla på ein slageining, får blodtrykksmedisin ved utskriving eller får undersøkt svelgefunksjonen, er blant indikatorane som blir målt.

LES SAKA: Fem sjukehus kan mista akuttfunksjonar

For dårleg oppfølging

Mens 97,6 prosent av slagpasientane vart lagt inn direkte på slageining i Volda, ifølgje dei rapporterte tala, var det berre 34,7 prosent som opplevde det same i Førde.

Resultata viser også at altfor få slagpasientar i Noreg får oppfølging tre månader etter at dei vart sjuke.

I hjarteinfarktregisteret går det fram at berre 58 prosent av pasientar med akutt hjarteinfarkt blir behandla innan 72 timar, slik dei skal ifølgje nasjonale retningslinjer. Det er store forskjellar mellom sjukehusa, skriv Aftenposten.

Resultata frå brystkreftregisteret fortel også om ulik behandling. Nokre sjukehus ender for ofte opp med å fjerne heile brystet. Det blir tilrådd at minst 70 prosent av pasientane blir opererte slik at brystet blir teke vare på og berre dei vondarta forandringane blir fjerna.

LES OGSÅ: Fleire innlagt når sjukehuset er nært

Misforstått?

Fleire av fagfolka som presenterte resultata hos Helsedirektoratet måndag, var uroleg for at folk flest, medium og politikarar skal feiltolke dei. Spesielt vart det påpeikt at nokre sjukehus eller avdelingar er svært gode til å registrere data, mens andre er dårlegare. Eit sjukehus som i utgangspunktet gir god behandling av ei liding, kan dermed tilsynelatande komme dårlegare ut på statistikken enn eit sjukehus som faktisk gir dårlegare behandling, men som ikkje melder inn alle resultata.

Statssekretær Erlandsen meiner registrera likevel gir meir openheit og større innsikt.

– Vi skal ikkje gå inn i det faglege. Men det er vårt privilegium å stille spørsmål. Får vi ikkje gode nok svar, spør vi til vi får det, lovar ho på vegner av politikarane.

Stensland, som altså leier servicemiljøet for registrera, meiner resultata åleine ikkje kan brukast til for eksempel å avgjere kva slags lidingar som skal behandlast ved ulike sjukehus.

– Vi må ha fleire data for å ta avgjerder om lokalisering av fagmiljø, seier ho. (©NPK)