Ein sjeldant vakker oppfølgjar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Historia om det nye namnet» er bok nummer to av Napoli-kvartetten, og boka er 575 sider lang. Boka tek for seg ungdomsåra til Elena og Lila, den startar akkurat der første boka sluttar, og ho vidareførar mykje av sjalusien som gjekk føre seg i bok éin mellom hovudpersonane. Samstundes serverer også boka deg ein lærepenge om at det er mykje som kan gjeve meining i eit liv.

Bok nummer to handlar om kampen som Lila kjempar, og slitet som Elena kjempar seg gjennom for å verte noko, og korleis båe liv er ein kamp, men på kvar sin måte. Lila kjempar seg gjennom diverse problem i privaten, medan Elena kjempar seg gjennom livet som student. Noko som står sentralt i boka er ferien dei to jentene tek saman på ferieøya Ischia, og sumaren dei hadde saman der, og korleis dette har påverka ikkje berre Lila i etterkant, men også Elena.

Det handlar også, som eg allereie har sagt at livet kan ha meining, uavhengig av kva ein gjer. Det er ein scene i boka der Elena oppsøker Lila, og der det står skrive at Lila allereie visste at Elena skulle vise at livet hennar hadde meining, medan Lila sitt ikkje hadde meining, men motverkar dette med å fortelje om små detaljar frå sitt liv. Den scena er ikkje berre vakker, den fekk meg til å tenkje etter, eg måtte stoppe opp og tenkje etter. Det er det veldig sjeldan at ei bok får meg til å gjere nett det,  og får meg til å tenkje.

Det er absolutt ein verdig oppfølgjar til bok nummer éin, og absolutt ei bok som rørte meg, og det er ei bok som du burde lese om du har lese den første boka. Det er verdt tida di, og eg vonar du får deg ei lesaroppleving utanom det vanlege, for det trur eg Elena Ferrante maktar med bok nummer to.

Les meldinga av den første Ferrante-boka!

Først publisert i Magasinett.

Faktaboks

Elena Ferrante
Historia om det nye namnet
Napoli-kvartetten. Bok II
Omsett av Kristin Sørsdal
Samlaget 2015

FÅ SISTE BOKNYTT RETT I INNBOKSEN!