Dette er karbonbudsjettet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karbonbudsjettet er eit mål på kor mykje karbondioksid vi kan sleppe ut fram til år 2100, og framleis ha ein sjanse til å avgrense global oppvarming til to grader.

Taket er sett på 1000 milliardar tonn CO2. Vi er allereie over halvvegs, ifølge FNs klimapanel, som har laga budsjettet.

Utrekningane tek utgangspunkt i togradersmålet, som er at vi for å unngå farlege klimaendringar ikkje kan la temperaturen på jorda stige meir enn to grader. Dette er i forhold til førindustriell tid, altså før år 1750.

Togradersmålet er omstridd. Les meir her!

Illustrasjon: World Resource Institute.

I 2011 hadde vi brent opp 52 prosent av budsjettet. Om vi held fram slik som no, vil vi bruke opp budsjettet i 2045.


Illustrasjon: FN-sambandet.

Figuren syner kor mykje vi kan sleppe ut fram til 2100, og kor mykje vi allereie har slept ut.

Viss alle i verda slapp ut like mykje som oss i Noreg, vil vi bruke mindre enn 16 år å bruke opp karbonbudsjettet.

Kven skal bruke opp resten?

Karbonbudsjettet vert ofte kopla til spørsmålet om kva fattige og rike land skal gjere med klimaendringane. Dette er også eit av dei verkeleg vanskelege spørsmåla i klimaforhandlingane i Paris 2015.

Dei fleste land ser på det å kunne sleppe ut klimagassar som verdifullt, fordi det gjer økonomisk vekst lettare.

Retten til å sleppe ut klimagassar kan kjøpast og seljast. Dette vert kalla det internasjonale systemet for kvotehandel.

Faktaboks

• I desember møtest alle FN-landa til klimaforhandlingane COP21 i Paris. Der skal dei forhandle fram ein bindande klimaavtale, som regulerer kor mykje klimagassar kvart land kan sleppe ut.
• 183 land har meldt inn sine mål. Til saman vil dei innmelde måla gi ein temperaturauke på 2,7 grader.