Her lagar folk sitt eige toppmøte

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaavtalen er ei falsk løysing. Vi må skape systemendring, og det vil kome frå folket.

Den kanadiske aktivisten Pat Mooney sit i eit panel i eit samfunnshus i Montreuil.

Her i dei austlege forstadane til Paris har aktivistar og sivilsamfunn sitt eige klimatoppmøte.

Les også:Fagungdom meiner Noreg er bakstrevarsk

Klovnar i kamp
Nokre timar tidlegare har gatene vore fulle av dansande, syngande og smilande aktivistar. Isbjørnar, klovnar, mytiske figurar og korps. Til og med den norske iskanten deltok i paraden, som i motsetnad til dei store marsjane før og etter klimatoppmøtet i Paris ikkje vart avlyst.

– Det er herleg å vere del av dette, seier Steinar Rundhaug, som utgjer baktroppen i det felles kostymet til Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei har kledd seg ut som ein iskant, og no flyttar dei seg rundt som dei vil.

– Akkurat som regjeringa flyttar rundt på iskanten nett som det passar, gliser bestefaren frå Haugesund.

Kunstnar Eric Angenot frå Montreuil.

I nærleiken kikkar kunstnaren Eric Angenot ut under ein svart manke.

– Det er veldig fint at sivilsamfunnet samlast her. Eg er veldig glad for at klimatoppmøtet går, trass i terroen. Vi treng å saman finne nye måtar å leve i samspel med naturen på, seier han.

Angenot er født og oppvaksen i Montreuil, og glad for at det er nettopp her folket samlast.

– I denne delen av Paris er det mange som jobbar for å finne meir berekraftige løysingar, seier han, før han går vidare i paraden, utkledd som ein mytisk figur.

Steinar Rundhauge (bakerst) som iskanten i Paris.

LES OGSÅ:Samde om nytt utkast til klimaavtale

Leik og alvor
Montreuil er fylt av glade andlet og kreative løysingar. Nokon har laga eit bønnetre, der folk kan skrive kva dei elskar. «Go vegan, make love», står det på eit band. Rundt hjørnet sit ein gjeng på bakken, fletta saman i tilsynelatande djup meditasjon. Røykelsen kan gjere ein svimmel. «Paryoga», står det på eit skilt.

Saka held fram under biletet.


Dei grøne andleta dansa seg gjennom gatene i Montreuil.

Eit improvisert teaterstykke som involverer eit fly, eit trekkspel og mykje song oppstår midt i ei folkemengd. For ein som ikkje snakkar fransk er det umogleg å få med seg anna enn at det er kjekt, og kanskje noko om at ein bør fly mindre.

Men menneska som møtast her er ikkje berre glade. Dei er også klare for nye løysingar på klimakrisa. Og dei er ikkje så sikre på at politikarane vil finne desse løysingane.

Kanadiske Pat Mooney har vore aktivist i over 30 år, og leier ETC Group, som jobbar med teknologiar som kan påverke dei mest fattige og sårbare i verda. Han er særleg oppteken av rettar til såkorn, og har fått fleire prisar for sitt arbeid.

– Vi må ikkje la oss lure av spelet i COP21. Det er ein avtale som vil opne for å bruke teknologiske løysingar på klimakrisa, slik at land og selskap kan halde fram med å utvinne olje- og gass som før. Det er nonsens, seier Mooney.

Han har nettopp retta fingeren mot Noreg i ein debatt.

– Noreg støttar fossilindustrien og ideen om karbonfangst og –lagring. Ein alvorleg avtale må gå vekk frå bruk av fossil energi, og ikkje basere seg på teknologi som enno ikkje finst, seier kanadiaren.

KOMMENTAR:Denne vinteren står framtida på spel

Meiner Noreg driv dobbeltspel
Laurdag møtte norske miljøorganisasjonar, deriblant Besteforeldrenes klimaaksjon og Miljøagentane, sin representant i den norske delegasjonen. Klasserommet var proppfullt av nordmenn.

Mange var misnøgde med rolla Noreg har spelt under forhandlingane. Noreg har fått kritikk for å føreslå å ta ut formålsparagrafen om menneskerettar i avtalen. Regjeringa har dessutan blitt anklaga for å drive dobbeltspel.

Ein fransk klovn for klima.

Medan forhandlingane om klimaavtalen føregår i Paris, har olje- og energiminister Tord Lien vore i Brussel og jobba for at EU skal forplikte seg til å kjøpe store volum gass frå Barentshavet, ifølgje magasinet Energi og Klima.

Det går ikkje upåakta hen blant dei norske aktivistane i Paris.

– Då vi reiste frå Oslo fekk vi beskjed frå klima- og miljøministeren om å gjere heimeleksa vår for å forstå at Noreg er eit føregangsland på klima. Eg lurer på om partane i COP21 kjøper Noregs image, sa Ola Dimmen i Besteforeldrenes klimaaksjon under møtet.

– Mange har gjennomskoda oss, og peikar på dei mange norske paradoksa, som at vi er ein oljenasjon som vil vere føregangsland på klima. Noreg jobbar for en avtale som er skreddersydd for at ein skal halde fram med å vere ein olje- og gassnasjon, og ønskjer dermed ikkje formuleringar som kan avgrense dette, meiner Silje Lundberg i Naturvernforbundet.

Trur på individa
I klasserommet på skulen tok også Enok Groven, kjend frå Anno på NRK, ordet. Han er i Paris for sin eigen organisasjon «Fashion Against Climate Change».

– Eg trur vi må sjå på oss sjølve. Det er i meg og deg løysingane finst, sa han.

Der er modellen frå Bergen heilt på linje med den kanadiske aktivisten Pat Mooney. For sjølv om Mooney har lite tru på den internasjonale klimaavtalen, ser han mykje håp i møte med menneska i Montreuil.

Enok Groven skal vere i Paris til klimaforhandlingane er ferdige.

– Solidariteten er stor og det er veldig tydeleg trendar på samarbeid mellom menneske på tvers av nasjonar. Eg ser til dømes at bønder deler såkorn på tvers av grenser og at kunnskap om urbant jordbruk vert delt, seier Mooney.

Det sterke engasjementet frå sivilsamfunnet held fram i dagane som kjem. I motsetnad til det offisielle forhandlingsområdet, der ein treng akkreditering for å kome inn, kan ein her spasere fritt omkring, kike på løysingar og møte andre med interesse for klima og miljø.

Som éin sa:

– Velkomen til Montreuil. Her er vi alle vener.

Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».