Tyskland og Frankrike vil ha 1,5 gradersmål

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stormakter vil ha 1,5 gradersmål

– Våre problem kjem først og fremst frå  dei enorme utfordringane som menneske i land lenger sør for oss får av global oppvarming, seier Thomas Cottis.

Han står bak rapporten En framtid du ikke vil ha – Global oppvarming: forutsetninger, risiko og sannsynlige konsekvenser, som er laga på oppdrag for Framtiden i våre hender. 

Rapporten tek føre seg konsekvensane ved to, tre og fire graders høgare snittemperaturar på kloden. Høgskulelektoren peikar på konsekvensar som fleire og kraftigare heitebølgje, dårlegare mattryggleik, og store migrasjonsstraumar som følgje av dette. For ikkje å snakka om issmelting og havnivåstigning, som trugar øystatar som Maldivene, Kiribati og Fiji.

Allereie i dag har temperaturen stige med 0,85 grader celsius sidan førindustrielt nivå.

Under COP21 i Paris er 195 land samla for å koma fram til ein avtale, om korleis dei kan stogge denne utviklinga.

LES OGSÅ:2-gradersmålet – kva er det?

Dei som må betala
I Paris handlar samtalen om dei vanskelege spørsmåla knytt til rettferd og ansvarsdeling mellom rike og fattige land.

Både tap og skade, og kva som skal vere mål med avtalen er blant desse krevjande temaa.

Klimarettferd har vore ei viktig sak for store delar av sivilsamfunnet sitt engasjement knytt opp mot klimatoppmøtet – òg for mange på Klimatoget, der det er optimisme knytt til møtet.

Dei fleste forventar at det vert ein klimaavtale, men at han ikkje vert god nok.

LES OGSÅ: – Kyoto-toppmøtet var i praksis ein fiasko

Støtte for 1,5 gradersmålet
Klimatoget er eit tog som NSB sette opp for å frakta klimaaktivistar på vegen til Paris.

Fredag kveld fekk Klimatoget ei oppdatering om klimaforhandlingane frå Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

–  Ein del land har peika på at det er merkeleg å forhandle om å avgrense temperaturauken til to grader, når det inneberer at enkelte FN-land vil forsvinne i havet. 106 utviklingsland, altså eit fleirtal av verdas land, vil i staden avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Problemet er at det er feil land, sa Haltbrekken.

Nokre lyspunkt er det, som at Tyskland og Frankrike har beslutta å slutta seg til 1,5-gradersmålet. Rykta seier at EU vil gjera det same.

Noreg har i likheit med resten av verda slutta seg til togradersmålet, men førre månad uttala klima- og miljøminister Tine Sundtoft ifølgje Verdens Gang at me kan stoppa temperaturauken på 2,7 grader. Det er nemleg dette målet forskarar har funne at er realistisk ut ifrå utsleppskutta landa har meldt inn på førehand.


Lars Haltbrekken oppdaterer aktivistane som drog med tog til klimatoppmøtet i Paris. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Lågare ambisjonar

Forhandlingane fredag tyda på at ambisjonsnivå på enkelte område er i ferd med å bli senka, ifølgje Haltbrekken.

– Noreg har sagt at vi jobbar mot eit mål om å bli klimanøytrale innan 2050. Naturvernforbundet tykte i utgangspunktet ikkje dette var eit veldig ambisiøst mål, og no ser det ut til at målet vert endra til klimanøytral i laupet av hundreåret eller så raskt som mogleg etter 2050.

Eit stort lyspunkt er det likevel at alle landa er einige i at alle skal bidra.

Det ligg no to forslag på bordet. Laurdag klokka 12.00 skal forhandlarane etter planen levere eit utkast til miljøministrane.

Ta den store klimaquizen!