Godkjenner genmodifisert laks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Godkjenner monster-laks

Det amerikanske mattilsynet vil tillate sal og konsum av genmodifisert laks som vil veksa dobbelt så fort som vanleg oppdrettslaks. Den norske oppdrettsnæringa er ikkje nemneverdig uroa av den grunn.

I november gjekk det amerikanske mattilsynet ut med informasjonen at dei no vil tillate produksjon, sal og konsum av genmodifisert laks. Det er selskapet AquaBounty som skal produsera laksen på anlegg i Canada og Panama. Det er snakk om ein atlanterhavslaks med gen frå stillehavslaks som veks raskare, og gen frå den ål-liknande zoarces americanus som gir vekst heile året.

Den genmanipulerte laksen skal i høve rapportane vera klar for fiskehandlaren sin disk dobbelt så raskt som ved tradisjonelt fiskeoppdrett.

– Dette er første gongen ein godkjenner at dyr som er genmodifisert, blir seld som mat i eit land, og det er ganske dramatisk. Dette dyret skal konkurrera mot vår største matproduksjon, seier professor i medisinsk biologi ved Universitetet i Tromsø, Ørjan Olsvik.

Det er nettavisa Nord24.no som fortel dette.

LES OGSÅ: No kan laksen smake gris

– Aldri vurdert hos oss
Viseadministrerande direktør ved Bremnes Seashore, Bjørn Willy Sæverud, seier dei kjenner til AquaBounty sine planar, men er mildt sagt skeptiske til tanken på genmanipulert mat i frysediskane.

– Dette er ei retning me ikkje vurderer å gå. Det er vanskeleg å vite kva konsekvensane kan bli, seier Sæverud.

Han meiner ein har for lite kunnskap om dei langsiktige konsekvensane for konsumentane, utviklinga til fisken, og korleis sjøen ved oppdrettsanlegga kan bli påvirka.

– Me leikar ikkje med dette, slår han fast.

LES OGSÅ: Blåbærtomatar er i kjømda

Fryktar ikkje konkurransen
Sæverud er heller ikkje særleg bekymra for at vanleg oppdrettslaks vil bli utkonkurrert av den genmanipulerte fisken.

– Me ser jo at det kan råka konkurranseevna, men me er ikkje uroa av denne utviklinga i dag. Dette er også såpass omstridt og ei retning i produksjonen me ikkje vurderer her til lands, seier han.

Sæverud minner om at dette også er eit spørsmål om dyrevelferd.

– Me har lært oss å følgja naturen i vår produksjon. Når ein avviker for mykje frå det som naturen har brukt millionar av år på å utvikla, så får ein problem. Genane er tilpassa det miljøet fisken går i, noko me ikkje bør tukla for mykje med, seier Bjørn Willy Sæverud.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!