Luke 4: Finnane skil ikkje mellom han eller ho

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finnane skil ikkje mellom gutar og jenter. I alle fall på enkelte område.

Finsk har nemleg ikkje grammatisk kjønn. Dei bruker eitt ord, hän, der norsk skil mellom han og ho.

Om lag 92 prosent av innbyggjarane i Finland har finsk som førstespråk, og det finst finsktalande minoritetar i Sverige, Noreg, Russland, Estland og Nord-Amerika.

Dei mest kjende norske lånorda frå finsk er sisu, som tyder tæleller innsatsvilje, og sauna, som tyder badstove.

LES OGSÅ: Språk i spagaten

Sisuheng saman med sisus, som tyder «det indre (av noko)». Såleis liknar ordet det engelske guts, som tyder innvolar.

Det norske ordet pøyk(smågut) kjem frå det finske ordet poika(gut).

God 4. desember!

Kjelde: Allkunne.