– Det som trengst er friske pengar
Kommunesamanslåing løyser ikkje klimautfordringane i kommunane. Det meiner forskingsleiar Carlo Aall i Vestlandsforskning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aall reagerer på at klimaminister Tine Sundtoft (H) onsdag under presentasjonen av ein ny NOU-rapport om utfordringane med meir nedbør og overvatnhandtering i byane, tok til orde for kommunesamanslåing.
LES OGSÅ: Klimatoget på veg til Paris
– Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i samfunnet, og eg meiner klimautfordringane har vore underkommunisert i debatten om fordelen med kommunesamanslåing, sa Sundtoft til NTB.
– Det blir provoserande, særleg når eitt av poenga i NOU-en er at klimaendringane vil påføre norske kommunar store utgifter, seier Aall.
– Gjennom ei rad prosjekt gjennomført ved Vestlandsforsking, for blant anna KS, har vi påvist at nummer éin hindring for ei meir effektiv klimatilpassing i kommunane er mangelen på midlar. Då grensar det til patetisk når Sundtoft trekkjer fram kommunesamanslåing som løysing også på klimaproblemet.
LES OGSÅ: Solberg: Kvar niande kommune må slå seg saman
Det er ikkje slik at kommunereform nødvendigvis vil bety at ein sparar pengar, legg han til.
– Det må friske pengar til over statsbudsjettet og gjennom avgiftsnivået, slik det også blir teke til orde for i NOU-en. Der blir det foreslått å utvide områda ein kan finansiere gjennom gebyr og skattar. Som overvatnhandtering, seier Aall til NTB.