Heidrar Ingvar Moe med teater

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det Norske Teatret og Haugesund Teater har gått saman om ei eiga teaterframsyning om forfattaren Ingar Moe, som neste år ville fylt 80 år.

Det er haugesundaren og skodespelaren Ingrid Jørgensen Dragland som har teke initiativet til framsyninga som får tittelen «Jørgensen og Moe», fortel lokalavisa Grannar.

– Eg har alltid vore glad i diktinga til Moe, seier Dragland, som til dagleg er skodespelar på Det Norske Teatret i Oslo. Der har ho tidlegare framført tonesette dikt av forfattaren. Gjennom dette arbeidet fekk ho ideen til ei eiga teaterframsyning.

– Han er ein stor poet som burde bli hugsa betre, meiner ho.

Produksjonen hans omfatta både dikt, romanar, barne- og ungdomsbøker, kåseri, revyspel, popsongar og lærebøker for barneskulen. Han hadde også ei eiga, karakteristisk stemme som opplesar og radiokåsør.

Teaterframsyninga til minne om den folkekjære forfattaren får premiere i Etne, heimbygda til forfattaren, 28. april neste år. I mai kan folk sjå det same stykket på Det Norske Teatret i Oslo. Det er også planar om ei eiga framsyning i Haugesund, men er her tidspunktet enno ikkje klart, fortel avisa. (©NPK)