Klimatoget på veg til Paris

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Oslo S vrimlar det av raude hattar og banner mot oljeboring i Arktis. «J'adore le train» står det på ein plakat. Ein gjeng med raude hattar syng heimesnikra songar om klima, akkompagnert av ein kassegitar.

Hattane kjenneteiknar Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei er godt representerte når klimatoget no rullar ut av Oslo, med kurs mot Paris.

Unge og eldre
På perrongen syng Lars Lillo Stenberg for dei klimareisande, før klima- og miljøminister Tine Sundtoft får ei formaning frå Miljøagentane, miljøorganisasjonen for born:

– Vi vil ha meir miljøvenleg transport og mindre olje. No stolar vi på at de tek dei riktige vala. Noreg må ta sin del, sa Liam (14) og Kristiane (11) i Miljøagentene.

Sundtoft ønskjer god tur før ho dreistar å overtyde dei frammøtte om at Noreg er eit føregangsland på klima, som jobbar for ein ambisiøs avtale.

Ho seier Noreg jobbar for ambisiøse mål for utslippskutt i Paris og for å lage klare planar for å nå måla.

Tog er ein del av den planen. I tillegg vil Noreg hjelpe store land som Indonesia, Brasil og Etiopia til å kutte utslepp, utan å vente betaling i kvotar eller på andre måtar, seier ministeren.

LES OGSÅ: Besteforeldre i klimatog til Paris

Leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken heldt føredrag for passasjerane på Klimatoget.

LES OGSÅ: Utfordrar Sundtoft på klimaeksamen

Håpar på sterk avtale
I forsamlinga er miljøorganisasjonar godt representert, og klima- og miljøministeren seier det sjølv:

– Vi er ofte ikkje heilt einige og de ønskjer ofte meir enn regjeringa og Stortinget klarar å einast om.

Ho hadde samstundes eit ønskje for Paris:

– Eg håpar vi kan spele på eitt lag for å få til den sterkaste avtalen mogleg.

Det spørst om får med seg alle i den forsamlinga på det laget.

Halfdan Wiik i Besteforeldrenes Klimaaksjon sparka til sist i gang reisa med å gjere det tydeleg at organisasjonen ikkje er nøgd med regjeringa sine planar for Arktis.

– Vi gjer meir enn å protestere. Vi reiser til Paris fordi vi trur det er vi i fellesskap kan løyse problema, sa han, før dei reiseklare strøymde til NSBs ventande chartertog på perrong 19.

Les fleire saker frå Grøn vinter her!

Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».