KLIMASKULEN: Dette må du vita om 2-gradersmålet.

mm
Faktaboks

• Klima, syntesen av alt vêr gjennom ein lengre periode.
• Det blir gjerne uttrykt ved gjennomsnittsverdiar og ekstremverdiar av temperatur, trykk, nedbør, vind osb. Klimaet blir mellom anna påverka av solstrålinga, avstanden til hav og høgda over havet. Det er vanleg å dele inn klimaet i fem hovudtypar: tropisk klima, steppe- eller ørkenklima, varmtemperert regnklima, kaldtemperert snøskogklima og polarklima eller høgfjellsklima. I Noreg finn ein dei tre siste typane.

Les meir i Allkunne!

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

LES FAKTALUKK FAKTA

Du har nok høyrt det mange gonger allereie. 2-gradersmålet.

Dette er eit mål som alle land har blitt samde om.

Det betyr at den globale temperaturen i 2100 ikkje blir meir enn 2 grader høgare enn han var i 1850 .

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Forskarane i klimapanelet til FN meiner at to graders temperaturstigning er grensa for kva naturen kan tola. Stig temperaturen meir enn dette vil klimaendringane bli umogleg å kontrollera, og ekstremvêret og naturøydeleggingane endå større.

Allereie i år er det rekna at temperaturauken for første gong vil koma over 1 grader samanlikna med 1850.

Viss alle verdas land kuttar like mykje som dei har lova at dei skal gjera framover, så ligg verda an til ein vekst i temperaturen på 2,7 grader innan 2100.

Grafen under viser auken i temperaturen i verda sidan 1850:

Kjelde: Klimapanelet til FN

LES SIST NYTT OM KLIMA HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE