Danser for å forklara doktorgrad

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå forskarane danse forskinga si!

For første gong har ein deltakar frå samfunnsvitskap vunne hovudpremien i den årlege «Dans din Ph.d.»-konkurransen i regi av vitskapstidsskriftet Science.

Vinnaren er sveitsiske Florence Metz som har skrive doktoravhandlinga si om politikk for vern av vatn.

– Hovudmålet med videoen er å få folk til å le, seier ho til Sciencemag.com.

Men ho legg til at ho håpar videoen kan hjelpa folk til å forstå forskinga hennar.

Blant dei andre vinnarane i tevlinga var Pearl Lee frå University of Sidney i biologi-kategorien.

Ho brukte ballett til å formidla forskinga si på molekylet tropoelastin – eit protein som hjelper med til å bygga bindevev i kroppen.

Her kan du sjå videoen hennar:

LES OGSÅ:Verdas seigaste forsking

I fysikk-kategorien vann Meritt Moore frå University of Oxford:

Publikumsfavoritten var kjemi-kategorien. Vinnaren av denne er Jayaysi Desai, stipendiat ved Ludwig Maximilian University i München.

Ho brukte danseelement frå Bollywood til å visa forskinga i dei molekylære netta av DNA og protein, som dei kvite blodcellene bruker til å fanga bakteriar.

LES OGSÅ:Danser bokstavar på høgskule