Vil dyrke den undersøkande og nysgjerrige eleven

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha meir kritisk tenking

– Sjå, her står det.

Samfunnsfaglærar Sigrun Brustad Nilsen stikk nasen ned i læreplanen for samfunnsfag på vidaregåande skule. Ho strekar rundt punktet om at elevane skal lære om berekraftig utvikling.

Som lærar meiner ho eit av hennar viktigaste bidrag til å løyse klimakrisa er å bidra til at elevane utviklar kritiske evner.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

– Kjennest ikkje legitimt
Framtida.no har snakka med Brustad Nilsen ein gong før. Då hadde ho starta ein Facebook-kampanje for å verne om stygge poteter. Kampanjen «Stygge poteter – ja, takk» vaks raskt, og fekk svar frå Bama.

Læraren er med andre ord litt over snittet interessert i klima- og miljøspørsmål.

Når ho ikkje startar kampanjar om stygge poteter eller bytter, lånar og gir vekk i Bytteboden Fredrikstad, underviser ho på Fredrik II vidaregåande skule i Fredrikstad.

Skulen driv Miljøforsk-satsinga, som vert løfta fram i utgreiinga «Fremtidens skole». Miljøforsk er ei fleirfagleg realfagslinje, med vekt på at eleven skal få kompetanse for framtida.

Nettopp det tverrfaglege fokuset er det Brustad Nilsen meiner manglar elles i skulen.

– Det kjennest ikkje legitimt nok å ha eit stort fokus på berekraft i samfunnsfag. Lærarar må i større grad knyte saman natur- og samfunnsfag, og syne korleis økonomien er basert på naturen. Det er måten å skape langsiktig tenking på, slik at vi unngår å ta rotta på det vi skal leve av.

LES OGSÅ: Elevar på yrkesfag satsar på grønt skifte

«Prisgjeve den enkelte lærar sitt engasjement»
Vi sit på den nye økologiske kafeen Green House i Fredrikstad sentrum. Bøygd over læreplanen leitar ho seg fram til punktet om berekraftig utvikling.

Brustad Nilsen ønskjer seg at berekraft skal gjennomsyre undervisninga. Ho meiner skulen bør få eit tydelegare mandat om å gi berekraft ein sentral plass.

– Det er ikkje så vanleg å trekkje saman trådane i ulike fag. Lærarane er fokuserte på eksamen, og vil komme gjennom planen.  I ein travel kvardag er det for lite tid satt av til å jobbe tverrfagleg. Vi må difor få tydelegare signal i læreplanen om at fag må verte utforska saman.

Vi manglar areaner og treffpunkt for å jobbe meir tverrfagleg.

Ho meiner det er dett Fredrik II vgs delvis har løyst ved Mlijøforsk, ved at elevane får jobbe praktisk og kreativt i faget «Teknologi og forskingslære» og ved delvis å jobbe prosjektbasert.   

– Eg meiner dette handlar om at politikarane må skulen eit tydelegare mandat. I dag er det for prisgitt enkeltlærarar sitt engasjement, seier ho.

LES OGSÅ: Denne vinteren står framtida på spel

Jobbar for den demokratisk tenkjande eleven
Sigrun har reflektert over kva rolle ho som lærar kan spele i møte med klimaendringane.

Eit av dei viktigaste bidraga trur ho er å utvikle demokratiske tankegangar hjå elevane.

– Eg jobbar for å få elevane til å forstå kva enkeltindivid kan bety, kva ein kan få til om ein set i gong. Det handlar mellom anna om å bruke ulike påverknadskanalar, ikkje berre stemme ved val, men også ta initativ til kampanjar, bruke sosiale medium, tore å ta første steg og å stå i kampar.

Å tenkje demokratisk inneber ikkje minst å utvikle evner til å tenkje kritisk.

– Med gode evner til kritisk tenking, er ein i stand til å sjå nye realitetar i augo. Det er den undersøkande og kreative eleven vi må dyrke fram, seier ho.

Sjølv om FNs klimapanel er tydeleg på kva som står på spel, er det også mykje som er usikkert om korleis framtida vil utarte seg.

– Difor må vi utstyre elevane med kompetanse til å handtere endring. Det inneber mellom anna å tenke kreativt, noko som kan vere vanskeleg med det individfokuset som pregar skulen i dag.

I fjor var Framtida.no med elevar som lærte om verkelege klimaval gjennom Klimaspillet, utvikla av NMBU-studentane Oskar Aas og Mattis Natvig Segerberg.

Skape miljømedvite menneske
I den generelle delen av læreplanen står det at eleven skal bli eit miljømedvite menneske. Det må lærarane bruke for det det er verdt, meiner Brustad Nilsen.

– Eg kan ikkje prakke slike haldningar på korkje barna eller elevane mine, men eg vil at dei skal skjøne at det har noko med dei å gjere, seier ho.

Når læraren førestiller seg eit idealsamfunn, tenkjer ho på barna sine. Ho håpar dei lærer meir om naturgrunnlag og ansvar enn ho sjølv gjorde på skulen.

– Eg håpar vi i framtida lever i eit samfunn med mindre konkurranse og meir samarbeid. Tanken om at vi vil syne oss å vere grådige vesen dersom vi blir slept laus er noko vi er lært opp til og dyrkar. Det tyder ikkje at det er sant. Eg trur tvert om at menneska vil finne glede i større samarbeid.

Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.