Unngå tolltull til jul

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal du gjere julehandelen i utanlandske nettbutikkar, bør du halde tunga rett i munnen og skaffe deg litt oversikt over toll, moms og vekslingskursar.

Ein stadig større del av julegåvene vert kjøpte på nett. Her er butikkar frå alle verdshjørne like lette å besøkje som dei norske, og tilbodet av klede, bøker, elektronikk og andre varer, er enormt. Men det er ikkje alltid like enkelt å vite kva ein til slutt må betale for gildet.

Ulike valutakursar, forskjellige priser for frakt og forsikring i butikkane, og norske og utanlandske reglar for meirverdiavgift og toll må takast med i reknestykket, går det fram av julehandelstipsa frå Tollvesenet.

350 kroner
Du kan handle for 350 kroner frå utanlandske nettbutikkar utan å betale toll eller meirverdiavgift (moms). Denne summen vart i januar auka frå 200 kroner, men no inkluderer summen frakt og forsikring. Bestiller du ei bukse som kostar 300 kroner og frakta er på 100 kroner, må du dermed betale 25 prosent moms.

Ei anna utfordring er valutakursar. Tollvesenet brukar sine eigne valutakursar, og det er deira omrekning til norske kroner som gjeld, ikkje det som står på bankutskrifta.

– Vi har dei som har treft akkurat ei krone over, fortel Ivar Martin Olsen, seniorrådgjevar i Tollregion Oslo og Akershus, til NTB. Den eine krona betyr altså at du må ut med 25 prosent moms og eventuelt andre avgifter.

Han seier likevel det verkar som dei fleste som handlar frå utlandet har funne ut av reglane.

– Nettselskapa har dessutan tilpassa prisane til reglane, seier Olsen.

Toll på klede
Det er få typiske julegåve-varer ein må betale toll på. Unntaket er klede og tekstilar. Tollvesenet har ein eigen importkalkulator og det same har Posten. Her kan du finne ut kva innkjøpet vil koste deg totalt.

Kjøper du varer for over 350 kroner, men under 3.000 kroner, kan Posten hjelpe deg med fortollinga. Men det tar dei betalt for, 140 kroner.

Har du venner og familie i utlandet, kan dei avgiftsfritt sende deg gåver verdt under 1.000 kroner. Dei kan også sende fleire gåver til andre familiemedlemmer i same pakka. Grensa på 1.000 kroner gjeld per mottakar.

– Det mange bommar på, er at verdien er for høg eller at det vert sendt av nordmenn som ikkje bur i utlandet, seier Olsen.

Avsendaren må vere busett utanfor Noreg for at denne gåveregelen gjeld. Tusenkronersregelen gjeld heller ikkje viss ein butikk sender gåva for deg, det skal vere ein privat avsendar. (©NPK)