NPK-NTB-Reuters
NPK-NTB-Reuters

Bodskapet frå demonstrantane til politikarane før klimatoppmøtet i Paris er at «det ikkje er nokon planet B».

Det vart halde i alt 2.000 arrangement i byar verda rundt, som London, São Paulo, New York, Sydney, Ottawa, Oslo og Asuncion i Paraguay.

– I alt deltok 683.000 i demonstrasjonar rundt om i verda, seier Sam Barrat, som er talsmann for Avaaz, ein av arrangørane. Barrat seier at dette er den største samlinga av klimademonstrasjonar i historia. Talet på demonstrantar er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Nokre tek engasjementet eitt steg vidare. Les om besteforeldra Linda (69) og Finn Bjørnar (75), som har samla unge og gamle til klimatogreise til Paris.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE