Ny handlingsplan mot speleavhengigheit

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturdepartementet har vedteke ein ny handlingsplan mot speleproblem for perioden 2016 – 2018. Det skriv departementet sjølv på sine sider.

– Politikken til regjeringa skal ivareta spelavhengige og sikra at spela ikkje fører til at fleire får speleproblem, seier kulturministeren Thorhild Widvey i pressemeldinga.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

Både dataspel og pengespel
Sjølv om det er få som får speleproblem på grunn av lovlege norske pengespel, meiner regjeringa likevel at det er viktig å ha fokus på problematikken.

Planen omhandlar både dataspel og pengespel og det rettast større fokus på spelforsking og utveksling av kunnskap og informasjon enn i førre handlingsplan. Ein skal også intensivera informasjonsarbeidet om dei utanlandske spelselskapa sine aktivitetar på den norske marknaden. Mellom anna informera om at desse selskapa ikkje er underlagt norske reguleringar og ansvarligheitstiltak.