Aldri før har så mange blitt smitta av hiv i Europa som i fjor, ifølgje ein rapport frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

NPK
NPK

I fjor blei det registrert meir enn 142.000 nye tilfelle av hiv i Europa. Talet er det høgste nokosinne sidan registreringa først starta på 1980-talet, opplyser Europa-direktør i WHO Zsuzsanna Jakab.

Ifølgje Europa-kontoret til WHO i København og Det europeiske senteret for sjukdomsvern og kontroll i Stockholm blei det i fjor meldt inn om lag 5.700 fleire hiv-tilfelle enn i 2013.

LES OGSÅ: Før var han hiv-positiv. Nå er han bare positiv

Aust-Europa utgjer den største bekymringa
Dei fleste av dei 142.000 tilfella i fjor, 85.000, var i Russland. 29.900 av tilfella blei registrerte i EU- og EØS-landa. Det er dermed Aust-Europa som utgjer den største bekymringa, meiner WHO.

– Vi ber europeiske land setje alle klutar til og kvele hiv-epidemien éin gong for alle, seier Jakab.

LES OGSÅ: Kva er hiv?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE