Du gjer meg kvalm

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit menneskje. Ei gruppe menneskje som kanskje ikkje har same syn på livet som det du har, og du ser på dei som kryp. Termittar du må bli kvitt. «Politikarane må stå imot Islam» seier du. Du skjærer alle over ein kam, sjølv om du kanskje innerst inne veit at det er fåtalet av muslimane som er for krig og elendigheit. 

LES OGSÅ: Hatkriminaliteten er dobla

Eg les artikkel etter artikkel der asylsøkjarane blir hengd ut. Artiklar om seksuelle overgrep og vald. Alt fokus på kva som er gale med asylsøkjarane. Akkurat som om dei alle er slik. Vidare delast artiklane med hatefulle kommentarar om at dei må vekk. Dei er berre lykkejegerar. 

Eg blir kvalm av ordet lykkejeger. Det gjer meg uvel. Kven er det ikkje som ønsker seg noko meir? Kven vil vel ikkje ha lykke? Og ikkje minst, kva er vel vi som sit med smarttelefonane våre og finn neste og beste fly til Spania? Er det berre vi som skal ha det godt? 

LES OGSÅ: Fortel historier om #norskrasisme

Eg blir kvalm av rasisme. Det gjer meg uvel. Eg blir sint, ordentleg forbanna. Hovudet kokar, og eg vil skrike så alle i heile verden høyrer meg. Kvifor kan du ikkje sjå at vi er alle like? Kvifor forstår du ikkje at vi alle er menneskje som føler hat, sinne, glede, kjærleik, frustrasjon og sorg på same måte? Kva om det var du?

Martine bloggar til dagleg på rorleggjarfrue.blogg.no.

Faktaboks

KULTURBLOGG

Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?

I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.

Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg