Julie (17) lærer det framtida treng

Elevane ved Miljøforsk-satsinga i Fredrikstad får kompetanse for framtida. Dei trur det snart vil vere like sjølvsagt å ta vare på planeten, som å ikkje røyke på kafe.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Julie Andrea Glemminge og Anders Torp Løkkeberg  (begge 17) går på ei studielinje som skil seg ut i norsk samanheng.

Miljøforsk ved Fredrik II vidaregåande skule i Fredrikstad lærer dei berekraftig utvikling i praksis.

Julie og Anders valde Miljøforsk fordi dei ville ta realfag. Her visste dei at dei ville verte del av ein gjeng realistar. At den gjengen også skulle verte engasjerte i klima- og miljøsaka var dei ikkje like budde på.

 Eg er ein del meir påkopla klima- og miljøspørsmål enn før, og tenkjer mykje på det. Vi lærer å sjå samanhengane, seier Julie.

Julie og Anders lærer mellom anna om korleis vala vi tek i kvardagen heng saman med klima og miljøspørsmål. I eit prosjekt fulgde dei eit produkt gjennom heile livslaupet. Dei spurde og gravde, og vart overraska over kor vanskeleg det kan vere å få bedrifter til å svare på spørsmål.


Dette er Miljøforsk:

► Miljøforsk er ei realfagssatsing med fleirfagleg fokus og med vekt på at eleven skal få kompetanse for framtida.

► Klassen jobbar med fleirfaglege prosjekt, på læringsarenaer utanfor skulen, og saman med andre aktørar.

► Satsinga vert løfta fram av Ludvigsen-utvalet i NOU 2015:8 Fremtidens skole. Utvalet var satt ned av Kunnskapsdepartementet, for å vurdere i kva grad skulen dekkjer dei kompetansane elevane vil trenge i framtida.

►Berekraftig utvikling er ifølgje utvalet eit av tre som er særleg viktige i framtida. Det fleirkulturelle samfunnet og folkehelse og livsmeistring er dei andre to.


Opplysingane elevane på Miljøforsk fann om miljø- og arbeidsforhold festa seg.

 Ei bedrift hadde kontraktar der det stod at leverandørane burde sikre levelege forhold for arbeidarane. Det stod ikkje at dei måtte gjere det.

Julie sperrar opp augo og ler nesten medan ho fortel. Hendene strekar under poenget.

Eit aspekt ved Miljøforsk-linja som Ludvigsen-utvalet løftar fram, er at linja knyt ulike fag saman i prosjektarbeid, brukar læringsarenaer utanfor skulen og driv læring i samarbeid med andre aktørar.

Meir enn polar som smeltar
Det som har gjort størst inntrykk, er likevel omfanget av klimaendringane.

 Klimaendringane handlar om langt meir enn at polane smeltar. Alt heng på ein måte saman med alt. Når vi overforbruker her, kan det for eksempel øydeleggje regnskog andre plassar, og dermed samfunn der. Eit anna eksempel er flyktningekrisa. Viss vi vil ha færre flyktningar, så kan vi ikkje halde fram å sleppe ut like mykje CO2, seier Julie.

Ho siktar til at talet på klimaflyktningar er venta å auke dersom den globale oppvarminga held fram. Ifølgje FNs klimapanel vil klimaendringane kunne auke konfliktnivået i verda. Endringar som havnivåstigning, hyppigare ekstremvêr og auka press på matvareproduksjon vil også kunne påverke migrasjon.

 Det er vanskeleg å forstå kor altomfattade klimaendringane er. Dei kan endre verda slik vi kjenner den på hundre år, seier Anders.

Saka held fra under biletet.

Anders Torp Løkkeberg går på ei vgs-linje som får skryt i rapporten "Framtidens skole".

Vaner, økonomi og sosiale normer
NRK.no ladar opp til klimatoppmøtet i Paris neste veke med å skildre ulike scenario for framtida til Ylva (4) frå Nesodden. Ei verd med to graders temperaturauke og ei med fire, gir ganske ulike svar.

Ifølgje FNs klimapanel har vi framleis tid til å velje mellom dei ulike scenarioa. Men, som klimaforskar ved Bjerknessenteret Helge Drange, strekar under – vi må trappe opp innsatsen med å kutte utslepp den dag i dag om vi skal halde temperaturauken under to grader celsius.

Spørsmålet er kva scenario vi vel.

 Det er ikkje snakk om å flytte ut i skogen. Det er snakk om å endre vaner. Eg trur mange kjenner seg små og håplause i møte med klimaendringane. Men det er ikkje berre katastrofe, mange av endringane vil vere positive både for oss og miljøet. Luftkvaliteten vil til dømes bli betre, seier Julie.

LES OGSÅ: Tankar frå sykkelsete på veg til Paris

Økonomi er avgjerande, meiner dei to elevane.

 Dei fleste bryr seg ikkje så mykje om miljø at dei vil velje det framføre andre alternativ som er billegare og betre. Difor må ein gjere det økonomisk å velje miljøriktig, slik vi gjorde med elbilen, seier Anders.

Også verdiar spelar ei viktig rolle. Til dømes meiner elevane at forbruk er knytt til normar i samfunnet.

 Kvifor skal vi ha den nyaste iPhonen kvart år? Det er ingen logisk forklaring på kvifor vi treng nye iPhone, seier Anders.

 Eg trur vi må endre tankesettet vårt, samstundes som bedriftene må ta større ansvar, seier Julie.

Dei trur også at kunnskap spelar ei avgjerande rolle.

 Eg trur at det hadde hjelpt mykje om folk hadde visst meir. Dersom det vi lærer her på Miljøforsk hadde blitt ein del av skulen generelt, så hadde kunnskapen auka, seier Julie.

Akkurat der er ho heilt på linje med Ludvigsen-utvalet, som løftar fram berekraftig utvikling som eit av tre tema som bør bli satsa på i «framtidas skule».

LES OGSÅ: Denne vinteren står framtida på spel


Slik jobbar elevane på Miljøforsk:

► Elevane har hatt prosjekt om å byggje vasskraftverk, solfangar og solcellebil i samarbeid med treforedlingsbedrifta Borregaard og vindmøller saman med Inspiria vitensenter.

► Dei har arbeidd med berekraftig og etisk forbruk i samarbeid med Universitetet i Oslo og Østfoldsforsking, og med marine økosystem saman med Ytre Hvaler nasjonalpark og Tjærnø marinbiologiske forskingsstasjon.

► Eit av prosjekta elevane har jobba med, handlar om ein bekk i nærområdet der jordbruk har ført til forureining. Elevane har lært grunnleggjande omgrep, og deretter brukt kunnskapen ved å observere, analysere, planleggje, gjennomføre og reflektere. Dei deltok også i møte om reguleringsplanen med kommunen.

► Klassen har disponert eit eige sett med syklar for å kome seg rundt i nærmijøet på bedriftsbesøk og feltarbeid.


 Saka held fram under biletet.

Julie Andrea Glemminge meiner vi treng ei heilomvending i korleis vi brukar naturressursane.

Kva er viktig i framtidas samfunn?
Når dei blir vaksne håpar Julie og Anders at dei lever i eit samfunn der miljøomsyn vert satt over økonomiske omsyn – der berekraft er det overordna målet samfunnet jobbar mot.

 Gjennom prosjekt på Miljøforsk har eg faktisk blitt overraska over kor stor del av næringslivet som set økonomiske omsyn over omsyn til miljøet, fortel Anders.

Han meiner det norske samfunnet ikkje har behov for å bli rikare.

 Vi har gode moglegheiter til å gjere eit skifte. Det går an å ha som mål at ein skal bli best på noko, ikkje størst eller rikast. Tenk om samfunn og bedrifter konkurrerer om å vere mest miljøvenleg i staden for å tene mest? seier Anders.

I Julie og Anders sitt draumesamfunn er vi også mindre egoistiske.

 Vi bidrar til at også andre land klarar å utvikle seg utan å sleppe ut mykje CO2, og vi jobbar saman for eit samfunn som er berekraftig på alle måtar, seier Julie.

Saka held fram under biletet.

Eit av prosjekta Miljøforsk-elevane har gjort er å lage sine eigne syklar.

«På tide med ei heilomvending»
Miljøforsk-elevane meiner vi har eit godt stykke å gå, men dei trur vi er på riktig spor. Dei peikar på at fleire vel miljøvenlege alternativ og at parti med miljø og klima som hovudsak får større oppslutnad.

 Vi treng ei heilomvending, seier Anders.

– Ja, ei heilomvending i korleis vi bruker verda, seier Julie.

Med modige leiarar trur dei det er mogleg å gjere ein slik snuoperasjon.

 Tenk på ideen om at vi ikkje skal forsøple. I dag tenkjer mange at ein sjølvsagt ikkje skal forsøple, men det har ikkje alltid vore slik, seier Anders.

 Eller røyking – før røykte folk overalt, på restaurantar, fly og kafear. No er det ei sjølvfølge at ein ikkje røyker inne, peikar Julie på.

 Eg trur vi er i ein overgangsperiode. Ein gong kjem det til å vere like sjølvsagt at vi passar på jorda, seier Anders.

LES OGSÅ: Dette er årets lokale klimatiltak

Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.