Det stormar rundt Osloskolen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

140 rektorar spør om agendaen hans

Nyleg blei det avslørt i VG at fleire skular i Oslo førebur elevane sine på prøvar for å forbetra resultata. Etter fleire avsløringar i rikspressa, slo 140 av 180 rektorar i Oslo tilbake i ein oppsiktsvekkande kronikk i Aftenposten sist torsdag mot det dei kallar svartmaling.

Simon Malkenes er lektor, har vore ein profilert kritikarar av vekta på måling og testing i skulen, og kom i fjor ut med boka Bak fasaden i Osloskolen.

Då Framtida.no sist veke meldte at Oslo scorar best på nasjonale prøvar, spurde Malkenes på Twitter om kvifor ikkje Osloskolen er betre i grunnskolepoeng.

– Kvifor trur du Oslo-skulen ligg så langt framfor skulane i dei andre fylka på nasjonale prøvar?

– Resultata på nasjonale prøver er normalfordelte rangeringsprøver i grunnleggjande ferdigheiter. Dei seier derfor mykje om sosial bakgrunn, foreldra sitt utdanningsnivå. Dei er ikkje eit kvalitetsmål på undervisning. Ei viktig forklaring på at Osloskolen gjer det godt på desse prøvene er å finne i at byen har ei høgare utdanna befolkning enn til dømes Nord-Trøndelag, som vart brukt som samanlikning i nyheitsoppslaga her om dagen.

– I tillegg avslørte VG nyleg at ein i Osloskolen har om lag 50 styringsparameter retta mot dei nasjonale prøvene. Dette gjer at resultata på desse prøvene spesielt viktige i Osloskolen. Og til slutt må ein hugse at der er mange flinke lærarar som hjelper elevane med å utvikle dei grunnleggjande ferdigheitene som dei nasjonale prøvene måler.

– Merk òg at utdanningssjefen i Nord-Trøndelag onsdag reagerer med uttaler som «skjerp dere!» og «slik kan det ikke fortsette». Slik vert konkurransen viktigare enn omsynet til elevane. Nasjonale prøver burde difor heller ha vore  utvalsprøver.

Viktigare enn nasjonale prøvar
– Osloskolen kjem på fjerdeplass blant fylka når det gjeld grunnskolepoeng. Kvifor gjer ikkje elevane i Osloskulen det betre?

– Ja, det lurer eg òg på. Ein finn ikkje att resultata på nasjonale prøver i elevane sine grunnskulepoeng. Ei viktig side ved dette er at grunnskolepoeng er eit veldig breitt mål på skolen.

– Karakterane er jo det elevane tek med seg vidare i utdanningsløpet. Slik sett er dei viktigare enn resultata på ei enkeltprøve i femte og åttande klasse. Men, som sagt, Osloskolen sitt mål og resultatstyringssystem er i stor grad styrt mot desse prøvene. Det er eit politisk val det no avgåtte byrådet har tatt. Difor har dei òg vore nøye med å hevde at  resultata er bevis på at mål og resultatstyringa i Osloskolen er ein suksess. Og det er dei jo ikkje.

– Hadde utdanningssjefen i Nord-Trøndelag sett på grunnskolepoeng i staden for resultata på nasjonale prøver, hadde ho nok reagert annleis.

LES OGSÅ: Får pengepremie for å fullføra VGS på kortare tid

Uintenderte konsekvensar
– Kva meiner du at testinga av elevane i Osloskulen fører til?

– Eg meiner at prøver i skolen skal være læringsfremjande, at elevane skal lære meir av tilbakemeldinga dei får frå prøva og at læraren skal kunne tilpasse undervisninga si betre på bakgrunn av resultata. Men når ein bruker slike standardiserte prøver som styringsinformasjon oppstår det ein i skoleforskinga kallar uintenderte konsekvensar.

Ifølgje Malkenes er desse:

•  Innsnevring av pensum mot det som vert testa, til dømes ved å bruke musikktimar til andre fag som ein vert testa i.

• Skolevegring og demoralisering blant lærarar, elevar og foreldre grunna stadige negative opplevingar og tilbakemeldingar frå testar.

• Korrumpering av testar, juks, fritak eller «teaching to the test».

• Læreplanen styrer ikkje undervisninga.

• Ressursstyring mot elevar ein enkelt kan forbetre, til dømes dei som lett kan løftast frå nivå ein til nivå to på nasjonale prøver. Samstundes ignorerer ein andre elevar som er meir ressurskrevande.

• Sentralstyring der store beslutningar vert tatt utifrå enkeltdata frå (korrumperte) prøver. Det gjev høgrisikostyring av skolen.

– Eit døme på slike uintenderte konsekvensar er den ferske avsløringa av øving på dei diagnostiske kartleggingsprøvene på 1. 2. og 3 trinn på fleire skolar i Oslo. Den har høgst sannsynleg gjort at mange av dei minste skolebarna med lærevanskar ikkje har blitt oppdaga og då at dei ikkje har fått den hjelp dei etter Opplæringslova har krav på. Slikt er sjølvsagt svært alvorleg, men det er samstundes ein kjent konsekvens av styringssystem som det i Osloskolen. Løysinga på dette er sjølvsagt å styre skolen annleis.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Oslo-skulen

Lektor Simon Malkenes meiner kronikken til dei 140 rektorane er oppsiktsvekkande. Foto: Kjartan Helleve

Overflatelæring
– Korleis trur du det vil vera for det nye byrådet å leggja om skulen i Oslo til å leggja mindre vekt på testing?

– Eg meiner at det nye byrådet bør avvikle bruken av standardiserte prøver som styringsinformasjon og at dei vaksne i skolen ikkje må lønast og ansvarleggjerast for resultata på slike prøver. Om det nye byrådet gjer dette vil kanskje resultata på dei nasjonale prøvene gå ned, og ein vil sjå ein debatt der det avgåtte byrådet vil slå seg på brystet å seie at deira skolepolitikk var best fordi den gav best resultat på nasjonale prøver.

– Det politiske spørsmålet blir då om det nye byrådet er villig til å gjere dette, å risikere å bli skulda for å ha ein dårlegare skolepolitikk sjølv om dei set læring framfor kontroll og styring. Eg håper det nye byrådet tør det, for det vil gje meir læring for elevane i Oslo.

– Det ser ut til at landa som gjer det best på testar som PISA og TIMMS gjer det tilsvarande dårleg på entreprenørskap. Har du ein kommentar til det?

– Entreprenørskap heng vel her saman med evner til å tenke sjølvstendig og kreativt. Fleire av dei økonomiane som leiar racet mot toppen på internasjonale testar som PISA vektlegg ikkje slike eigenskapar i like stor grad som dei ein vert testa i. Ei slik læring er kalla overflatelæring i Ludvigsenutvalget sin NOU. I ein slik skole vert ein flink til å gjengje lærestoff, men ikkje til djupnelæring, sjølvstendig og kreativ tenking.

LES OGSÅ: Oslo-skulane satsar på eliteelevane

Åtvarar kommunepolitikarar
– Korleis er tendensen til testing elles i skule-Noreg?

– Der er investert mest politisk kapital i Osloskolen og resultata på nasjonale prøver her. Difor har ein høyrt mest om den. Men i kommunar som Drammen og Sandefjord har ein liknande testregime. Samstundes ser ein at elevane  i Sogn og Fjordane gjer det veldig godt og der har ein ikkje slike testregime.

– Dei store forskjellane mellom kommunar har opphav i Kristin Clemet si kommunalisering av norsk skole. I tillegg til kompetanseutvikling av lærarar og skoleleiarar, løns- og arbeidstidsforhandlingar med lærarar og retten til å utforme kommunale og fylkeskommunale læreplanar blei kvalitetssikringssystema og kontrolloppgåvene over skolen gitt til kommunane. Det har gjeve store forskjellar i forståing av kva kvalitet i skolen er og korleis ein skal nå den.

– Ivrige kommunepolitikarar, kanskje utan særleg kjennskap til skolen, vedtar til dømes at dei skal bli best på nasjonale prøver og så er racet i gong. Det gangnar ikkje læringa til elevane. 

LES OGSÅ: Noko er ròte i Oslo-skulen

Skvatt då han las kronikken
– Kva seier du til at rektorane skriv: «Det kan hende det eksisterer eksempler på pugging i forkant av prøver og kartlegginger. Det er feil bruk av prøvene.»?

– Eg skvatt då eg las kronikken. Eg meiner at der er mange flinke rektorar i Osloskolen. Men at 140 rektorar samla uttrykker seg slik er oppsiktsvekkande.

– Det er bra at dei ser at øving til desse prøvene er feil. Men kvifor har ikkje nokon av dei 140 rektorane skrive i avisa om at dei kjenner til denne øvinga og slik varsla om den? Fleire av dei styrer skoler der dette har gått føre seg. Men dei har ikkje sagt noko. I staden namngjer dei meg sjølv og to andre og skuldar tre personar, som alle har barn i Osloskolen, for å svartmåle Osloskolen.

– Spørsmålet blir kvifor dei gjer dette? Har avsløringane i VG og Klassekampen skapt eit behov for å uttrykke lojalitet til dette systemet? I så fall burde dei kanskje tatt med i berekninga at dei i denne kronikken tek det avgåtte byrådet sin skolepolitikk i forsvar og at dei markerer avstand til det nye byrådet si erklæring om skole. Det kan fort slå attende på rektorane.

– Kva vil du svara, når rektorane spør om kva agenda du har?

– Kronikken til rektorane er bygd rundt det ein kallar kritikkens u-sving. Når eg eller andre fremmar sakleg, fagleg grunngjeve kritikk av styringssystemet i Osloskolen så vert denne kritikken først avvist. Deretter vert kritikken omforma til noko negativt og kasta attende på kritikaren og gjort til ein negativ eigenskap ved kritikaren. Difor spør dei kva agenda eg har. Kronikken til dei 140 rektorane synleggjer og eit grunnleggjande problem i organisasjonar som er styrte som Osloskolen.

– I boka Det åpne samfunn og dets fiender skildrar filosof og vitskapsteoretikar Karl Popper dette. Han vil seie at rektorane sin kronikk er eit uttrykk for forsterka dogmatisme, ei avvising av kritikk og ei forståing av kritikk som noko irrasjonelt som hindrar Osloskolen i nå måla sine. Osloskolen har nemleg store visjonar.

– Men, seier Popper, med store visjonar kjem problem med å lytte og forstå innvendingar. Difor vil ein heller kjempe mot personar som ein meiner ikkje gjer det ein skal for å nå måla. Ein del av denne kampen er å unngå kritikk eller å hindre at kritikarane skal få makt. Slik er det mål og resultatstyringa saman med dei politiske visjonane som har skapt vanskar med å tolke og akseptere kritikk og å skilje rasjonell kritikk frå det ein oppfattar som irrasjonell kritikk.

– Problemet vert difor til slutt at den korrigerande og kritiske funksjonen vert uønska seier Popper. Det gjer at ein ikkje får problematisert til dømes konsekvensar av mål og resultatstyringa eller kvifor jukset på kartleggingsprøvane oppstår. Når rektorane skuldar på kritikarane for å svartmåle og hetse i staden for å ta kritikken på alvor, er det grunn til å minne rektorane på tittelen til Popper si bok; Det åpne samfunn og dets fiender. Kanskje dei 140 rektorane burde lese den?

LES OGSÅ: Nestleiar i Oslo Ap vil ha halve pensum på nynorsk