Denne vinteren står framtida på spel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil våre barnebarn leve i eit Noreg med grøne vintrar, der kvit jul ikkje er meir enn ein draum? Eller vil klimatoppmøtet i Paris bli byrjinga på eit grønt skifte?

«Grøn vinter» er tittelen på Framtida.no si klimasatsing. I desember set vi oss på toget til Paris. Fram til då spør vi kva samfunn du vil du leve i.

Vi stiller dette spørsmålet fordi vi trur at eit kvart forslag om løysingar på klimautfordringa er samanvove med idear om korleis samfunnet er og bør vere.

Tenk på det: i klimadebatten har du alt frå dei som meiner at kapitalismen er årsaka til klimaendringane, til dei som meiner at løysingane berre finst i den frie marknaden.

Naomi Klein fekk til dømes mykje merksemd om boka This changes everything, der ho hevdar at klimaendringane ikkje kan bli løyste innanfor dagens økonomiske modell. Medan kapitalismen er basert på evig ekspansjon, har planeten grenser for vekst. Uforeineleg, altså. Blant Kleins meiningsfellar er det ikkje uvanleg å meine at vi vil trenge store politiske, sosiale og økonomiske omveltingar for å handtere klimaproblemet.

Andre meiner verktøy som kvotehandel, CO2-fangst og -lagring og andre teknologiske nyvinningar er nok til å løyse krisa. Her vert marknadskreftene rekna som den reelle redninga.

Dei to leirane forstår problemet heilt ulikt. Det tyder på at vi også må drøfte spørsmål knytt til identitet, interesser, verdiar og visjonar når vi snakkar om klima. Desse er blant faktorane som påverkar korleis vi forstår eit problem og kva løysingar vi støttar.

Til dømes meiner nokre at menneska ikkje kan påverke eit system av slike dimensjonar som klimasystemet i det heile teke, medan andre trur at vi speler ei kritisk rolle.

Eit anna døme er i kva grad vi er viljuge til å gjere livstilsendringar som kan redusere utslepp, som å minske forbruket vårt. Eit samfunn der status er knytt til høgt forbruk vil møte slike endringar annleis enn samfunn der forbruk ikkje er verdsett på same måte.

Klimaspørsmålet er svært politisert. Motkreftene mot overgangen til lågutsleppssamfunnet er mange og sterke, heiter det i siste nummer av Norsk klimastiftelses magasin 2 * C.

Oljeselskapet ExxonMobil har eksempelvis vorte kritisert for å spele ei leiande rolle i å undergrave forsking på menneskets rolle i klimaproblemet, trass i at selskapet allereie på 70-talet visste om fossiloljens klimarolle.

Det er ikkje tvil om at slike aktørar har mykje makt. Samstundes må vi ikkje underdrive den rolla kvar og ein av oss kan spele, som borgarar, forbrukarar og medmenneske.

Vi kan ikkje gå frå å fornekte menneskets rolle i å påverke klimaet, til å anta at vi er for ubetydelege til å gjere noko skilnad. Sagt på ein annan måte: føremonen ved at det er vi som skapar klimaendringane, er at det er vi som kan stogge dei.

Men då må vi spørje oss kva samfunn vi vil leve i.

Vil vi jobbe for draumesamfunnet til olje- og gassnasjonen Noreg, til dei store oljeselskapa, til den kenyanske bonden, til ungdommane i Natur og Ungdom, eller til innbyggjarane på Stillehavsøyene som er truga av havnivåstigning? Korleis kan vi jobbe for vår lukke utan at det går ut over andre si lukke?

Vi trur svaret på kva samfunn vi vil leve i er ein sentral del av svaret på kva vi er villige til å gjere for klimaet og for dei andre store, relaterte spørsmåla i vår tid, som fattigdom, krig og undertrykking.

Overser vi at verdssamfunnet har eit val om kva retning vi vil gå i, gjer vi oss blinde for moglegheitene til å endre business-as-usual. Då går vi mot grøne vintrar.

Fram mot COP21 i Paris spør dermed Framtida.no kva samfunnet du vil leve i – fordi vi trur moglegheitene finst der viljen er.

LES GRØN VINTER: Julie (17) lærer det framtida treng

Faktaboks

Denne vintaren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.