Forteljaren Kendrick

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kendrick Lamar Duckworth, av hiphop-guruen Dr Dre kalla «den nye kongen av vestkysten», vart fødd 17. juni 1987, i bydelen Compton i Los Angeles, USA. Compton er eit fattig område som var prega av mykje vold då Kendrick vaks opp.

Men bydelen har også ein sterk hiphoptradisjon. Dr Dre kom sjølv herifrå; saman med gruppa NWA gav han i 1988 startskotet for vestkyst- og gangsterrapp med albumet Straight outta Compton.

LES OGSÅ: «Ei av dei mest spennande nye stemmene»

Allereie som barn var Kendrick ein som likte å studere det han såg rundt seg. Han interesserte seg tidleg for korleis ting fungerte i samfunnet, men også for hiphop. Då han var åtte, spelte Dr Dre og Tupac – dei største hiphopstjernene på den tida – inn musikkvideoen til California Love i Compton.

Kendrick var fjetra. Det tok berre åtte år før han sjølv gav ut sin første mixtape, Youngest Head Nigga in Charge (2003), under namnet K-Dot. Han seier det var setningane, humoren og leiken med ord som gjorde han interessert i å drive med rapp, medan det å framføre i starten gjorde han veldig nervøs.

Namnet
Etter første mixtapen fekk Kendrick platekontrakt med Top Dawg Entertainment (TDE). Her gav han ut to mixtapar til under namnet K-Dot, Training Day (2005) og C4 (2009). Same år starta han gruppa Black Hippy saman med Jay Rock, Ab-Soul og Schoolboy Q, alle frå same plateselskap. Han bestemte seg også for å droppe aliaset K-Dot, og heller opptre med sitt eige namn.

LES OGSÅ: Det er ikkje talent som gjer Fay Wildhagen god

Den første utgivinga hans som Kendrick Lamar kom i 2011; Overly Dedicated vart lagd ut til gratis nedlasting. Allereie året etter var han klar med sitt første offisielle album, Section.80. Som dei to seinare albuma hans erSection.80 eit konseptalbum, eit album som fortel ei samanhengande forteljing.

Kendrick Lamar var i ferd med å bli eit kjent namn i hiphopverda; han var på framsida av XXL og gjorde konsertar med store vestkystnamn som Snoop Dogg og The Game. Ikkje minst hadde Dr Dre fatta interesse for han. Våren 2012 skreiv Lamar kontrakt med Aftermath, plateselskapet til Dr Dre.

Yndling
good kid, m.A.A.d city (2012) vart Lamar sitt store gjennombrot. Albumet, som handlar om då han var 17 og hamna i eit kriminelt miljø, selde til platina og fekk lysande kritikkar. I motsetning til dei fleste utgivingar for tida vart albumet snakka om langt ut i det neste året.

Lamar vart kåra til Årets rappar av GQ i 2013; til Grammy-prisen var han nominert i sju kategoriar, og då han ikkje vann for beste rapp-album, sende vinnaren, Macklemore, han ein sms der det stod: «Det er rart, og det stinkar at eg stal den frå deg.»

Men plutseleg suksess kan vere vanskeleg å takle. I oppveksten sleit Kendrick med depresjon; dette kom attende då han vart stjerne og turnerte verda over.

LES OGSÅ: Er han Noregs mest munnrappe?

Depresjonen, freistingane, men også raseriet i møte med nye politivald-sakar mot unge afroamerikanarar, vart grunnlag for 2015-albumet To Pimp a Butterfly, som gjekk rett til topps på Billboard-lista.

På ein vidaregåande skule i New Jersey blir albumet no brukt i undervisning om svart, amerikansk kultur. Kendrick Lamar er med andre ord ein mann for framtida.