Tankar frå sykkelsetet på veg mot Paris

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tankar frå sykkelvegen mot Paris

Reisebrev, Marie Storli

For nesten to veker sidan tok vi av frå Oslo,  no har vi allereie kryssa tre grenser og har ete oss eit godt stykke inn i Tyskland. Vi har med andre ord rekt å bli gode og varme i trøya –og sykkelrumpa! Dei fyrste dagane følte vi det som om syklane, bagasjen og vi sjølve berre vart tyngre og tyngre, men det tek seg opp no og vi følar oss sterkare i kropp og sjel for kvar dag som går.

LES OGSÅ: – Terroren gjev tomme gater i Paris

Sist vekes hendingar i Paris har sjølvsagt satt sitt preg på stemninga, og våre tankar går til ofra og deira familiar. Det er i slike tider vi må halde saman og vi finn mykje tryggleik i gruppa, som sidan eg starta sjølve i Oslo har vakse til over tjue menneske. Vi har så langt samla menneske frå åtte land, med ulik bakgrunn og perspektiv på verda. Med det følgjer ulike syn på det som har hendt. Våre tankar går først og fremst til dei som er ramma, og vi bekymrar oss for kva dette vil bety for framtida til vanlege folk i Frankrike, resten av Europa og Midt-Austen.

No må vi samlast om verdiane våre samfunn byggjer på, som fridom og samhald; terrorisme må ikkje få rokke ved visjonane om fri mobilitet og likeverd mellom menneske. Sikkerheita i Frankrike, og Paris spesielt, vil nok vert skjerpa i tida som kjem. Det forstår vi godt, men vi håper ikkje det gir grunnlag for mistillit eller diskriminering.

LES OGSÅ: Marie syklar 2000 km for klimaet

På grensa mellom Sverige og Danmark merkar vi oss at det er innført kontrollar. Slikt er med på å kommunisere framandfrykt og distanse mellom «oss» og «dei», og når Frankrike gjer det same i kring klimatoppmøtet håpar eg ein held meir enn ein tanke i hovudet samstundes. La oss hugse at terroristar ikkje talar for nokon andre enn dei sjølve; dei representerer ikkje nokon nasjon eller religion. La oss hugse at Beirut også vart angrepen, og at vi dermed ikkje kan sjå det som eit angrep på «vestleg sivilisasjon».

Det er no vi må møte kaldt med varmt og vise våre verdiar i praksis, gjennom å ta vare på kvarandre og gjennomføre den viktigaste diplomatiske samlinga sia 1948 som planlagt.

La oss einast om ei klimaavtale som legg grunnlaget for fred mellom menneske i framtida.

LES OGSÅ: Høyr ekspertane om klimatoppmøtet

Faktaboks

Marie Storli frå Grøn Ungdom syklar frå Oslo til klimatoppmøtet i Paris.