Samde om å sikre vidare drift av Epos

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bokbåten redda

SV har i budsjettforhandlingane for Hordaland fylkeskommune blitt samde med posisjonspartia Ap, KrF og Senterpartiet om sikre vidare drift av det flytande biblioteket Epos.

Fylkesrådmannen har tidlegare foreslått å leggje ned tilbodet frå 1. juli 2016, fortel NRK.no. Under budsjettforhandlingane stilte SV ultimatum for å sikre vidare drift av Epos i Hordaland. Partiet blei samd med posisjonspartia Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet om budsjettet onsdag.

– Dette er eit viktig tilbod, ikkje minst til barn, seier SV-politikar Aud Karin Oen til NRK.no.

Ei gruppe forfattarar og bibliotekarar i Hordaland samla seg for å kjempe for den nedleggingstrua bokbåten etter at forslaget frå fylkesrådmannen blei lagt fram. Mellom dei var bibliotekar på bokbåten Thomas Brevik og forfattar Chris Tvedt.

– Det er eit viktig bibliotekstilbod. Dessutan er det distriktspolitikk og ikkje berre kulturpolitikk. Vi byggjer bruer og vegar så alle som bur i bygdene kan reise andre stader. Epos bringar kultur, klokskap og kunnskap ut til distrikta. Det har han gjort i snart 60 år og det kan den ikkje slutte med no, uttalte Chris Tvedt til nettstaden bok365.no tidlegare denne veka.

Bokbåten er finansiert med midlar frå Hordaland og Møre og Romsdal fylkeskommune. Sogn og Fjordane fylkeskommune var også tidlegare med i samarbeidet, men har kutta tilskotet til båten grunna innsparingar. (©NPK)