Høyr ekspertane om klimatoppmøtet her

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir nok ein avtale i Paris for første gang, der nokså mange nasjonar vil forplikte seg til reduserte klimagassutslepp.

Det seier klimaforskar Helge Drange. Og legg til:

– Samstundes vil veldig mykje gjenstå for å nå togradersmålet. Togradersmålet er så dramatisk at det betyr at vi ikkje kan bygge noko form for infrastruktur, fabrikker elle kraftverk basert på kol, olje og gass frå og med i dag.

LES OGSÅ: «Klimaproblemet heng saman med vår evne til å tenkje fram i tid»

Helge Drange er professor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen og ved Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen.

Fram mot klimatoppmøtet i Paris vil forskarar ved Universitetet i Bergen drøfte dei store utfordringane verda står overfor i ein miniserie med fire podcastar.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr

I denne første podcasten fortel klimaforskar Helge Drange om varmen som ligg skjult i havet og om kvifor sjefane i oljeselskapa ikkje bør sove godt om natta.

– Ser ein på jorda som eit lukka system, så finn ein at 90 prosent av varmen er parkert i havet. Vi merka med andre ord berre dei siste 10 prosentane av temperaturauken. Dei gode nyheitene er at havet absorberer så mykje varme at temperaturauken i lufta ikkje vert så stor. Dei dårlege nyheitene er at dei formidable varmemengdene i havet over tid vil kome til atmosfæren og påverke temperaturen fleire 1000 år fram i tid, forklarar Drange i podcasten.

Høyr Drange om klimatoppmøtet her.